Diktstafett - Ekslusivt for nett

Arguments diktstafett #6

Sjette deltaker av Arguments diktstafett er forfatteren Charlotte Riise. Hun sender stafettpinnen videre til Pedro-Carmona Alvarez.

 

Det er ein måned sidan

[highlight]Charlotte Riise[/highlight]

 

Det er ein måned sidan
vi enda “oss” ––
det var stille ei stund,
eg satt oppe om nettene
drakk skreiv aksepterte.
Aksept og semje, er det
det same, det blei to
forskjellige ting da eg høyrde
stemma di igjen i dag. Du lo

og nokre gonger
fins det trøyst i høyre nokon seie
eg veit, eg veit,
som eit slags anker

når du ler i nakken hennar,
det set ein stoppar for
fleire forsøk på å fortelje deg
alle måtane eg forsvinn på.
Eg veit, eg veit. Eg veit.

 

Eg prøvde alltid å fylle
tomromma dine, svømte
gjennom store hull
lagd og lagt igjen av andre
du har elska, andre du kanskje
framleis prøvde å elske.
Tomrom av
førestellinga om ein person,
den ein er i forelskinga,
den som aldri varer.

 

Eg skal tenka på deg
og så skal du forsvinna.

 

Charlotte Kirkebø Riise (f. 1987), bor og skriver i Bergen, og studerer engelsk litteratur. Hun har tidligere publisert dikt i to antologier. EG TRENG TID TIL  Å SAKNA DEG (2012) er hennes første bok.