Århundrets største utfordring

Tegning: mann sitter og varmer seg, lent opp mot et propanapparat der jordkloden brenner.

Viss du og eg betalte 2000 kr ekstra i året, ville klimaproblemet langt på veg vere løyst. Kan steinaldermannen i oss forklare kvifor så lite skjer?

Tegning: mann sitter og varmer seg, lent opp mot et propanapparat der jordkloden brenner.
Illustrasjon: Sigrid Kristiansen

 

Av Borgar Aamaas
Menneskeskapte klimaendringar er her i dag og vil berre forsterke seg dei neste tiåra. Klima blir av mange politikarar utpeikt som vår tids største utfordring. Verdas politikarar har blitt samde om å unngå 2 °C oppvarming, ettersom ei slik oppvarming vil føre til drastiske konsekvensar for menneske, dyr og planter. Men dette målet ser meir og meir ut som ein ønskjedraum.

 

Gapet mellom årsak og verknad

Klimakrisa er eit typisk eksempel på allmenningens tragedie. Dette er ein situasjon der du handlar utifrå ditt eige beste, mens alle i samfunnet tar skade av det på lang sikt. For eksempel er det flott å unne seg ein tur til Syden, men utslepp frå turen vil skade alle og over fleire generasjonar. Den eine turen betyr svært lite for klima. Det er summen av alle turar som har betyding. Klimapåverknaden kjem først med full tyngde etter nokre tiår. Dermed er det lang avstand mellom årsak og verknad.

 

Steinaldermannen lever

Gjennom evolusjonen har menneske blitt svært flinke til å løyse utfordringar. For steinaldermannen kunne dette vere å finne nok mat. [pullquote align=»right»]Klimakrisa er eit typisk eksempel på allmenningens tragedie.[/pullquote]Nye reiskap og nye jaktteknikkar kunne bety forskjellen mellom liv og død. Det var ein klar samanheng mellom årsak og verknad, altså mellom lite mat og sult. Dei fleste utfordringane menneska kom over, var av denne typen, difor har vi eit kort tidsperspektiv. Kva som skjer om 100 år, var lite relevant for steinaldermannen. Dessutan hang steinaldermenneske berre i små grupper isolert frå resten av verda. Dermed betydde deira ressursbruk lite for andre steinaldermenneske på andre sida av jorda.

 

Eksponentiell forbanning

I dag er vi fleire enn 7 milliardar på denne kloden, etter ein folkevekst som har vore nærare eksponentiell, altså stadig raskare vekst. Ressursane er dei same som under steinalderen. Ettersom vi forbruker enorme mengder kol, olje og gass, fører våre val til at nokon òg på den andre sida av jordkloda, vil lide over fleire generasjonar. I 1972 fastslo boka Limit to growth at vi ville krysse grensa for berekraftig vekst. Fleire av desse fysiske grensene er i dag passerte.

 

Tanken i spagat

Kunnskapen om menneskeskapte klimaendringar var god allereie med den første hovudrapporten frå FNs klimapanel i 1990.[pullquote align=»right»]For røyking gjekk det ca. 50 år frå kunnskapen om den skadelege helseeffekten var kjent, til samfunnet sette inn tiltak vi i dag ser som sjølvsagte.[/pullquote] I september kom den femte i rekkja, og forskarane har blitt svært sikre på samanhengen mellom menneskeleg aktivitet og global oppvarming. Erkjenninga at vi menneske kan endre naturen rundt oss så fundamentalt, er ei stor omvelting i vårt tankesett.

Tidlegare tilsvarande vitskapsrevolusjonar visar at det tar lang tid frå kunnskapen er der, til han gjennomsyrer samfunnet. På same måte som det tok lang tid frå ideen om at sola vår er sentrum i verda, til dette vart allment akseptert, så tar det lang tid frå global oppvarming vart observert, til menneska faktisk gjer noko med det. For røyking gjekk det ca. 50 år frå kunnskapen om den skadelege helseeffekten var kjent, til samfunnet sette inn tiltak vi i dag ser som sjølvsagte.

 

Kriser vi har løyst

Klimakrisa er ikkje det første menneskeskapte miljøproblemet. Mange av dei tidlegare utfordringane, har vi løyst. Den moderne miljørørsla vart inspirert av boka Silent spring av Rachel Carson, utgitt i 1962. Boka fekk fram korleis sprøytemidlar har svært giftige bieffektar. DDT og andre sprøytemiddel er i dag forbodne. Uttrykket «sur nedbør» stammar frå 1972. Massiv fiskedød i vatn i Sør-Noreg skuldast utslepp av ulike nitrogen- og svovelforbindingar frå kontinentet, spesielt frå kraftverk. Vatn har blitt kalka, og utsleppa har blitt kraftig redusert gjennom tiltak.

Det siste dømet på at menneske kan betre miljøproblem, er ozonholet over Antarktis. På 1980-talet var dette svært helseskadelege holet oppdaga, og utslepp av klorfluorkarbon- og halongassar var syndaren. [pullquote]Mange av dei tidlegare utfordringane har vi løyst.[/pullquote]Slike gassar fann vi tidlegare mellom anna i sprayboksar og kjøleskåp. Ei internasjonal avtale, Montreal-protokollen, vart gjeldande frå 1989 for å snu utviklinga. Mellom 1986 og 2004 vart det norske forbruket av desse farlege gassane redusert med meir enn 99 prosent. Globalt har utsleppa gått ned for dei fleste gassane. Rundt 2050 vil ozonlaget vere friskmeldt.

 

Løysingane er der

Kan vi tenkje oss ei likande utvikling for klimakrisa? Andre miljøkriser viser at det må ei katastrofe til før vi handlar. Samstundes er den menneskelege kreativiteten stor. Nordmenn har gjennom kløkt og hardt arbeid fått til ein svært stor og lønsam oljeindustri. Kanskje kan ein tilsvarande innsats få oss inn i den fornybare og bærekraftige framtida? Mange av løysingane er tilgjengelege og kan gjennomførast i dag. Etatsgruppa Klimakur 2020 la i 2010 fram ei smørbrødliste over tiltak. Utrekningar frå 2005 viser at tiltaka berre vil koste 2000 kr per år for kvar enkelt nordmann.

 

Borgar Aamaas (f. 1984) har ein mastergrad i meteorologi frå Universitetet i Oslo (UiO) og er i dag forskar på CICERO Senter for klimaforskning. Han var bidragsytar til kapittel 8 i FNs klimapanel sin hovudrapport, som vart publisert i september 2013.

Denne teksten vart opprinnelig publisert i Argument #5/2013.