Ein barrikade sperrar gata under opprøret i Kiev.
Tema

Direkte frå ein revolusjon

I Kiev i januarkulda såg eg standhaftige opprørarar med eit håp om å kunne endre landet.

Tårn med stor plakat med bilete av Julia Timosjenko på Maidan-plassen i Kiev.
Ein stor plakat av den fengsla politikaren Timosjenko på Maidan-plassen. Etter revolusjonen vart ho satt fri.

 

Av Borgar Aamaas

Foto: Borgar Aamaas og Åsmund Aamaas

 

To brør og eg besøkte Kiev den helga i januar opprøret tok av. Fredag den 16. landa vi. I sentrum vart vi møtt av barrikadar i alle sidegater, tungt uniformert politi og demonstrantar frå begge sider av det politiske spektret. Leilegheita låg innanfor barrikadane, og frå balkongen var utsikten over Maidan-plassen, sjølve hjartet til opprørsrørsla, strålande.

Den eine broren min voks opp med at halve Europakartet vart teikna på nytt og revolusjonar var dagleg nytt i Dagsrevyen. No kjente vi at vi sjølve såg noko historisk skje, men vi visste enno ikkje kva. Konsekvensane av ein revolusjon er mange og usikre, der ein opprørar kan ende opp som anten vinner eller tapar. Nettopp denne uvissa kunne vi nærast ta på i gatene.

På dette tidspunktet var vi ikkje klar over det, men dagen før hadde parlamentet vedtatt lover spesiallaga for å slå ned på demonstrasjonane.

 

Tretavle med politiske plakatar i Kiev.
Blant dei mange plakatane med syrlege politiske synspunkt, finn vi Putin som forklarar at han er uskyldig, samtidig som han dikterer Assad sin dødelege framferd i Syria og Janukovitsj sine overtramp mot opprørarane i Ukraina.

Innanfor barrikadane

Demonstarasjonane på Maidan-plassen vart utløyst i november i fjor, då president Janukovitsj i siste liten nekta å skrive under to historiske og omfattande avtaler med EU. Ukraina er blant dei mest korrupte landa i verda, og no hadde demonstrantane fått nok av det gjennomkorrupte styret til presidenten.

Ukraina har historisk vore ein møtestad for folkegrupper frå aust og vest og er eit lappeteppe av regionar med ulike folkegrupper og blandingar av desse folkegruppene. Til og med vi vart tatt for å vere lokale fleire gongar, der folk spurte om retning eller noko anna uforståeleg på ukrainsk.

 

Demonstrantar går i tog med ukrainske flagg i Kiev
Opprørarar i tog.

Ein demonstrant har aldri fri

Ved første augekast verka barrikadane skremmande. Men atmosfæren var avslappa så lenge det ikkje var nokon tilsynelatande sympatisørar av Janukovitsj å sjå. Vestlege turistar fekk gå heilt fritt.

Først såg alt kaotisk ut. Likevel var det system i den tilsynelatande søppelhaugen. Solide telt var satt opp. Metervis med ved var stabla. Kjøkken laga mat til dei kalde og svoltne. Ikkje rart at ikkje ein einaste uteliggjar vart observert utanfor barrikadane. Folk var organisert og sto på vakt.

På det høgaste punktet sto det alltid ein person på utkikk. Ved sida av han var det ein haug med bildekk, som han lett kunne tenne på og sende mot opprørspoliti om nødvendig.

Scena var kontinuerleg i bruk, alt frå glødande appellar, musikarar som spelte og prestar som hadde messe. Opprørarane har tapt når det ikkje er nokon att. Difor var det fullt trøkk både natt til laurdag og natt til søndag.

 

Vedstabel i Kiev sentrum.
Store mengder ved trengst for å halde eit opprør i gang i Kiev på vinterstid.

Stengt ute

Søndag var den store demonstrasjonsdagen. Denne søndagen blussa opprøret opp ettersom mange nekta å godta dei nye lovene mot demonstrantane. Truleg var det mellom 100 000 og 200 000 personar innom Maidan-plassen, tre av dei var oss.

På kvelden kjentest atmosfæren langt skarpare. Folk gjekk med hjelm og kølle. Barrikadane var lukka, og vi sleit med å kome oss tilbake til leilegheita.

Tidlegare på dagen hadde to ukrainarar snakka om korrupsjon og alle problema i landet. No fekk eg denne sms-en frå dei: «Be careful, on Grushevskogo street are provocation actions, cars are in fire. It’s looks that this night can be very noisy and troubled.»

På veg til inngangsporten måtte vi krysse ein barrikade, noko den første gruppa av demonstrantar nekta oss. Heldigvis forsto den andre gruppa fingerspråket og engelsken vår, dei ville til og med dele ein røyk. Det nødvendige kameratskapet blant opprørarane viste seg.

Neste utfordring var ein fire meter høg port låst med kjetting. Vi var no låst ute og midt i ein potensiell kampsone. Adrenalinet og angsten som opprørarane i frontlina har, kom fram. Dermed måtte sekk og jakke av og deretter pressa vi oss mellom gittera. Å vere slank og smidig har sine fordelar. Vi var trygge.

TV-en viste politibussar i brann og svart røyk. Med vindauget ope, kunne vi først høyre lyden av molotov-cocktails, heimelaga brannbomber, bli sprengt, først på TV-en, straks etterpå utanfor.

 

Ein barrikade sperrar gata under opprøret i Kiev.
Barrikaden ved leilegheita vår.

Dødeleg epilog

På måndagen, mens vi gjekk rundt i Kiev som turistar, gjekk brannbomber stadig av ein plass i nærleiken. I løpet av desse fire dagane var det ein klar retning mot ein valdeleg revolusjon. Vi var glade for å reise trygt heim.

Dei første drapa i konflikten skjedde på onsdagen. I februar tok opprøret ei dødeleg utvikling då opprørspolitiet verkeleg starta å skyte for å drepe. Nærare hundre personar vart totalt sett drepne. Dette var òg slutten for president Janukovitsj, ettersom ein statsleiar som skyt sitt eige folk, får folket og verdssamfunnet mot seg.

22. februar vart Janukovitsj avsett og rømte frå landet. Revolusjonen var eitt faktum. Desse fire dagane blant demonstrantane viser at dei må kunne fryse, vise dødsforakt og halde ut i veke etter veke, dag som natt. Til slutt vart innsatsen krona med at presidenten vart kasta.

 

Maidan-plassen i Kiev under opprøret, full av telt og demonstrantar.
Maidan-plassen måndag formiddag sett frå leilegheita.

 

Borgar Aamaas (f. 1984) har ein mastergrad i meteorologi frå Universitetet i Oslo (UiO). Han følgjer spent med kva som vil skje med Ukraina framover og kva dei invaderande russiske styrkene har planlagt.