Artikler - Naturvitenskap

Kolesterol på ekspedisjon

Tekst: Anna Lillehammer Bakka | Foto fra en romstasjon over Venezia (ESA/NASA)

Har du tenkt over at kroppen din liknar Venezia? Ein by med mange kanalar. Nokon store, men mest små og tronge. Alle er dei fylt med ein flytande masse. Ei viktig oppgåve for kanalane er å frakte mat og andre varer rundt i byen. Men utan båtar å frakte i, når ikkje varene fram. Slik er det også med kolesterol i kroppen.

Erkerivalane

Kolesterol er eit feittstoff som blir laga i nesten alle celler i kroppen. Gjennom alle tider har kolesterol og resten av medlemmene i feittfamilien hatt ein erkerival, nemleg familien vatn. Tenk berre på kva som skjer om ein heller olje i eit glas vatn. I familien vatn er også blodet. Blod er ein fascinerande substans, som transporterer mangfaldige stoff til og frå celler, også kolesterolet. Dette må fraktast til stader med behov for å kunne utføre sine livsviktige oppgåver. Kolesterolet frå maten må dessutan fraktast vekk frå tarmen for å gjerast nytte av. Men korleis skal kolesterolet kunne fraktast i blodet når det mistrivst her?

Protein + kolesterol = sant

Løysinga er eit venskap med protein. I motsetnad til feitt, trivst dette proteinet svært godt i blodet. For at kolesterolet og andre feittstoff skal kunne fraktast trygt til endestasjonen, blir det danna ei beskyttande kappe som mellom anna inneheld desse proteina. Når det skjer, blir det til ein pakke vi kallar lipoprotein. Det finnast ulike lipoprotein; nokon som er ’happy’ og andre som er lei seg. Dei ’happy’ kallast for HDL (high density lipoprotein), medan dei lei seg kallast LDL (low density lipoprotein). Kvifor dei har ulikt humør, får du snart vete. 

Lang reiseveg

Tilbake til Venezia. Den største øya i byen er den viktigaste, dette er levera di. Utkanten av byen, der varene blir henta, er alle cellene dine. Transport av ulike varer kan lettast skje i kanalane, og dette er blodårene dine. Båtane med alle varene i, er lipoproteina. Alle båtar som kjem frå cellene dine må innom levera før det kan leverast vidare til stader med stort behov, eller bli skilt ut av kroppen.

Hoppar i kanalen

I blodårene går det båtar i begge retningar. Båtane som fraktar kolesterol frå levera og ut til alle cellene, er LDL. Desse er lei seg fordi dei kan ha med seg for mykje kolesterol, og dette kan hoppe av båten og hekte seg til blodåreveggen. Slik kan dette kolesterolet auke risikoen for å få hjerte- og karsjukdom. Båtane som går motsett retning, altså frå alle cellene og til levera, er HDL. Dette er dei ’happy’ båtane som vaskar og ryddar opp. Dette kolesterolet kan minske risikoen for å få hjerte- og karsjukdom.

Korleis skulle vel kolesterolet klart seg aleine på reisa gjennom kroppen? Det hadde blitt ein umogleg ekspedisjon. Heldigvis er den fullt mogleg, takka vera dette spesielle venskapet med protein.

2014-00-argument-byline-logo-small

Anna Lillehammer Bakka (f. 1994) studerer klinisk ernæring og er så oppteken av kolesterol at ho også skal skrive ein mastergrad om det til hausten.