Artikler

Å knuse historia for å bygge nytt er ikkje utvikling, det er vandalisme!

Tekst: Tora Lie Brunborg | Illustrasjon: Erlend Peder Kvam

Forteljinga som går tapt
Kulturen vår er forma av historia og difor vert tettstadar og byar uinteressante om ein ikkje klarar å formidle denne. På lik linje med Pantheon representerer Y-blokka ein type arkitektur som ikkje ville blitt bygd i dag, men den fortel likevel noko om historia vår og dei tankane me hadde. Menneske blir prega av heimstaden sin. Stadskultur – altså det som gjer oss til vossingar eller trondheimarar – er i stor grad forankra i det narrative. Ein tettstad eller by utan formidlingsevne er fattig som ei kulisse utan innhald. I denne samanhengen er rivinga av Y-blokka eit eksempel på ei forteljing som går tapt.

Som arkitektstudent syns eg det er spanande å sjå på kva norsk arkitektur har vore og kan bli. Etter mi meining er moderne samtidsarkitektur og byplanlegging ei av dei største svakheitene ved det norske samfunnet. Me lagar ikkje gode byar og tettstadar. Med få unntak tek me avstand frå eiga historie og tidlegare verdiar. Med ignorant sjølvtillit trur me at me veit mykje meir enn kva me gjorde før. Sjølv om Y-blokka kanskje nettopp er eit resultat av denne tankemåten er det å rive eit så viktig kulturelt minnesmerke respektlaust.

Kan ein seie at Y-blokka er fin? Er det meir enn ei trafikkmaskin? Og betyr det eigentleg noko kva for ein estetisk verdi Y-blokka har? Nokon syns Y-blokka er visuelt tilfredstillande, andre ikkje. Det er subjektivt. Det er heller ikkje det denne artikkelen handlar om. Fokuset bør ligge på kva som skjer med historia og byen når bygningar med kulturell verdi vert rive, og kva for eit signal det sender til alle som bryr seg. Kva er eigentleg eit kulturminne og kvifor er det viktig? Det handlar om det narrative, altså vår forteljing. Innan arkitektur brukar me omgrepet «palimpsest» (frå latin palimpsestus, avleia frå det greske palimpsestos som betyr «utskrapt igjen») når me byggar med utgangspunkt i det som var. Ein kan i høg grad oppnå meiningsfull estetikk når det nye står i harmonisk kontrast til det gamle. Byen bør byggast som ein palimpsest – lag på lag. Å knusa historia for å bygga nytt er ikkje utvikling, det er vandalisme.

Genius Loci – «stedets ånd»
Christian Nordberg Schultz (1926-2000) er ein av vår mest anerkjende arkitekturteoretikar. Han brukte det romerske uttrykket Genius Loci eller «stedets ånd» for å forklare korleis ulike stader har ulik kultur. Dette er lett å forstå; når eg oppfører meg annleis enn ei frå Amsterdam, handlar det ikkje om medfødde eigenskapar, men ulik kultur. Forenkla kan ein til dømes seie at natur påverkar korleis me bygger hus og plassar, som igjen påverkar korleis me omgåast kvarandre.Det er mange grunnar til at det er feil å for eksempel rive Y-blokka, flytte Munch-museet, hovudbiblioteket og Nasjonalgalleriet. Desse bygga er alle ein viktig del av vår historie, og forteljingane knytt til dei er no i ferd med å forsvinne.

Endå verre blir det fordi dei nye områda som oppstår, for eksempel Barcode og Sørenga, manglar lokal forankring. Arkitekturen i desse områda er eit resultat av ein teknologisk arkitektur der alt vert likt og alle plassar like gjerne kunne vore kor som helst. Utviklinga av norske byar er under så stor påverknad av internasjonale idear at arkitekturen har mista evna til å tilpasse seg lokal kultur og lokalt klima. Ein kan argumentere for at Oslo blir konfrontert med arkitektur som ikkje lenger er basert på lokal kunnskap og kultur. Står sola like høgt på himmelen, er vinden like kald, er skuggen like lun og er historia den same i Oslo som i Hong Kong? Er Oslo i ferd med å miste «stedets ånd»?

Menneskehabitat eller turistmaskin?
Som Adam Caruso audmjukt uttrykker i The Feeling of Things, har arkitektar i dag blitt for opptekne av gjenkjenning av merkevarer i staden for å fokusera på dei tekniske, kunstnarlege og antropologiske utfordringane me faktisk står ovanfor. Alle ynskjer å lage originale og uvanlege former, men dei fleste manglar kompleksiteten som vert halde innanfor tradisjonen til arkitektonisk form. Dette meiner han resulterer i arkitektur som ikkje står fram verken som ny eller gamal, og at ingenting er «vanleg» nok til å bli ein del av den urbane konteksten. Deler av Oslo liknar for mykje på ein utstillingsmonter og for lite på eit menneskehabitat.

Viktige teoretikarar som Jane Jacobs og Jan Gehl peiker begge på svakheitene med modernistisk byplanlegging. For å sikre trygge, berekraftige, sosiale og trivelege byar må me gjere det motsette av den modernistiske soneinndelingar. Byen må delast opp i mindre «landsbyar» som alle bør innehalde både bustadar, handelstadar, sosiale møteplassar, arbeidsplassar samt kulturelle tilbod. I utgangspunktet fungerer dette bra i Oslo, men no som Oslo kommune vel å flytte alle dei store kulturinstitusjonane til eit homogent område, får ein stikk motsett effekt. Oppnår me med dette ein bærekraftig by med mogelegheit for spontane kulturelle opplevingar eller meir ei slags turistmaskin?

Einsformige bydelar kvar jobb, heim og fritidsaktivitetar er lokalisert langt frå kvarandre, fører til at store delar av vår fritid forsvinn i transport og logistikk. Resten av tida endar fort i sofaen grunna få attraktive anledningar til å gå ut. Dette er sjølvsagt satt på spissen, men i følge Susan Pinker kan ei slik funksjonsdeling nekte menneske spontan interaksjon som ofte endar nettopp med depresjon og einsemd.

Det uheldige vertikale fokus
Til felles med Oslo er det skremmande mange tettstader og byar i verda som lir av dårleg etterkrigs- og samtidsarkitektur. Me riv viktige bygningar og reiser nye som ofte ikkje får stå lenger enn nokre tiår. Me manglar intime bygningsmiljø tilrettelagd for trygt opphald og arkitektur som framhevar den historiske konteksten. Slik treng det ikkje vere. Eit eksempel på eit fungerande prosjekt der mykje er teke vare på og transformert, er Aker Brygge. Ombygginga av det gamle industriområdet er i dag eit av dei mest sosiale områda i Oslo.

Det er mange grunnar til at Aker Brygge fungerer så godt. Låge og tette bygningsstrukturar, blanding av skala på offentlige plassar, kombinasjon av funksjonar og mykje tilrettelegging for sosial aktivitet er nokon av dei. Det som skjer rundt operaen, er det motsette. Operaen er eit fantastisk vellukka bygg, men mykje av det som ligg rundt, er eksempel på keisam og merksemdsøkande arkitektur. Høghusa tener eit multifunksjonelt formål som ifylgje blant andre Jan Gehl er bra, men diverre med eit negativt vertikalt fokus, for store opne plassar, mangel på tilrettelegging for sosialt liv og med kalde materialar som glas og betong.

Historisk forankring
Desse prosjekta har kanskje høg biletleg og skulpturell verdi, men ignoreringa av konteksten og Oslos kulturarv gjer at området ikkje lever opp til sitt fulle potensiale. Bygningane vil nok fortsette med å bli verdsatt, så lenge dei er nye og innovative, men eg trur det er stor fare for at dei ikkje vil overleve historia sin dom, når gleda over det som er nytt og dermed spanande, har forsvunne. Me treng arkitektur som knyt oss saman, og gjer oss til oss. Me må tora å styrka vår eige identitet og ta vare på kulturarven vår. Historia kan seie oss noko om dei som har vore her før oss, og som tross alt er grunnen til at me er her i dag.

Når me riv viktige kulturelle bygningar som Y-blokka og samtidig lagar arkitektur som manglar lokal forankring, blir forteljinga om oss utviska. Me burde difor ta vare på alle dei viktige kulturminna me har. Skal me fyrst bygge nytt, bør me bygge basert på lokal kunnskap om klima, landskap, folk og kultur. På denne måten kan me styrka vår felles forteljing og vår felles identitet, og det vert lettare å høyre til. Me må laga eit menneskevennleg Oslo, tilrettelagd for trygt opphald og gode sosiale liv.

No photo description available.