Tekst: Borgar Aamaas | Foto: Borgar Aamaas og Jon Aamaas
Ekstremturisme vert det kalla i enkelte reisebøker. I januar besøkte Argument sin utsendte forbodssona rundt det tidlegare atomkraftverket i Tsjernobyl. Å kunne sjå katastrofeområdet med eigne auge har vore ein draum. Turen var ei fantastisk oppleving, men òg svært trist med tanke på all menneskeleg liding dette atomkraftverket har skyld i. På det næraste førte turistguiden oss 270 meter frå reaktor 4. [pullquote align=»right»]For ein dag var eg kjernekraftkatastrofeturist. Deretter kunne eg dra heim.[/pullquote]Strålinga eg fekk i meg, var neppe større enn ein flytur til New York ville ha gitt. I dag er dermed ein slik dagstur fullstendig ufarleg, men i dagane etter katastrofen i 1986 ville turen vore dødeleg eller gitt livsvarige strålingsskader. I dag jobbar fleire tusen menneske innanfor forbodssona. Dessutan ligg millionbyen Kiev berre ti mil sør for kraftverket.
Det var ein gong i Sovjet
Katastrofen starta med ein unødvendig tryggleikstest som gjekk ut av kontroll. Den 26. april 1986 førte overoppheting til ein dampeksplosjon som sprengte det beskyttande taket på 500 tonn i fillebitar. Ein ny eksplosjon kasta ut høgradioaktive fragment og førte til ein brann og ei røyksøyle ut av reaktoren. Resultatet var ei ekstrem radioaktiv sky som ikkje stoppa ved landegrensa. Det verste nedfallet kom i dagens Kviterussland. 28 år seinare går eg rundt i atomspøkelsesbyen Pripjat, tre km frå kraftverket. Dette var ein velståande by der arbeidarane på kraftverket budde. Tankane mine går til apokalyptiske bøker og filmar, slik som The Road av Cormac McCarthy.
Inkompetanse og hemmeleghald
Kommunismen i Sovjet hadde sine veikskapar. Å stille kritiske spørsmål til overordna var ikkje vanleg. Å informere om dårleg nytt, heller ikkje. Difor tok det fleire dagar før styresmaktene lokalt, og ikkje minst generalsekretæren i Sovjet, Mikhail Gorbatsjov, skjønte omfanget av katastrofen. Svært høge strålingsdosar vart målt, men det tok 36 timar før byen vart evakuert. Dei beste ekspertane på kjernefysikk i Sovjet vart utsatt for store doser stråling då dei samla seg like ved sentrum av katastrofen. Omverda fekk ikkje vite om ulykka før ein målestasjon ved eit svensk atomkraftverk målte uvanleg mykje radioaktiv stråling to dagar etter ulykka. Noko av denne radioaktiviteten kom til Noreg med regnet. Endå er det høge nivå av radioaktivitet i delar av norsk natur.
Dødeleg opprydjing
Det var tøft å dra til Tsjernobyl. Og på ein måte var det heilt feil å dra. Turisme bygd på menneskeleg liding har sine etiske dilemma. For ein dag var eg kjernekraftkatastrofeturist. Deretter kunne eg dra heim. I 1986 ofra mange livet eller helsa for å avgrense skadane. Omtrent 50 døde av akutt stråling. Mange fleire har fått øydelagt helsa. Over ein halv million menneske var med på oppreinsinga. I ettertid har det vore mangelfullt med studiar over kor mange som faktisk har døydd av seinskader. På veg til Tsjernobyl såg vi ein dokumentar som hevda at styresmaktane først kom med eit dødstal på 40 000 på ein internasjonal konferanse kort tid etter ulykka, men at dette talet vart redusert til 4000 i løpet av konferansen. Ein rapport frå det internasjonale atomenergibyrået og verdas helseorganisasjon frå 2005 slår fast at færre enn 10 000 døydde. Samanlikna med tsunamien i Indiahavet i 2004 eller jordskjelvet på Haiti i 2010, er det ikkje eit spesielt høgt tal.
Naturen tar over
Den gamle sarkofagen som beskyttar omverda mot radioaktiv stråling er falleferdig. Rett ved byggjer dei ein ny og større sarkofag. Når han er på plass, er planen å flytte det svært radioaktive materialet til ein meir permanent lagringsplass. Likevel kan ikkje menneske bu i området dei neste 20 000 år, men naturen vil ta over. Det som ved første augekast ser ut som skog, visar seg å vere hovudgata i Pripjat. Sidan ulykka har ingen budd der. Parisarhjulet har rusta. Naturen har allereie tatt grep.
Borgar Aamaas (f. 1984) har ein mastergrad i meteorologi frå Universitetet i Oslo. Han fekk grønt lys ved strålingssjekken etter besøket til Tsjernobyl.