Samfunn

Sidan 2014 har over førti menneske blitt drepne av personar tilknytt incelrørsla. Valdshandlingane utførte av incels har i stor grad gått føre seg i Nord-Amerika, men ein ny forskingsrapport frå Sverige viser at Noreg er eit av landa med flest brukarar i nokre av verdas største incelforum. Det er på tide å slutte å sjå på incels som enkeltindivid med psykiske problem og ta ideologien som ligg bak på alvor.