Kva betyr «litteratur»

Kva litteraturomgrepet kan fortelja oss om ideologi og definisjonsmakt.

Tekst: Jo Marvik |Illustrasjon: Pixabay

Dei fleste, og kanskje spesielt den gjengse blindernstudent, vil antagalegvis tru at hen har god forståing for kva omgrepet litteratur inneber. Skulle du likevel gjera ei sokratisk utspørring om kva vedkomande la inn i omgrepet vil du likevel fort oppdaga at det ikkje så lett lar seg definera. Skjønnlitteratur eller fiksjon vil vedkomande gjerne seia. Ein bruksdefinisjon er gjerne det at litteratur viser til menneskelege skriftytringar som er fiktiv, altså skrifter som er av fantasi og ikkje sanne. Skulle ein ta ein kikk i litteraturhistoria vil en fort oppdaga ein rekke skrifter som blir stadfesta som litteratur men som likevel ikkje passar inn denne definisjonen. Den romerske historikaren Livius, essaya til Montaigne eller dei islandske sagaene lar seg ikkje definera av ein fakta eller fiksjonsdefinisjon.

Å merkeleggjera språket
Samstundes som litteratur inkluderer mykje som ikkje let seg definera som fiksjon, er det óg mykje fiksjonsstoff som omgrepet litteratur ekskluderer, som teikneserieblad og kioskromanar. Ein annan innfallsvinkel i forsøket på å definera litteratur kan vera å sjå kva «det litterære» gjer med språket. Ei ytring som «Det som roper i deg roper ikke på deg»1 bryter med kvardagsspråket på så mange nivå at ein veit umiddelbart at ein har å gjera med noko «litterært». Innhaldet trer fram absurd og orda retter merksemd mot seg sjølv. Det er eit annleis forhold mellom orda og meiningsinnhaldet, enn i «vanleg» språkbruk, kan ein kanskje seia.

Det var slik den litteraturvitskaplege rørsla formalisme såg på litteratur og «det litterære». Dei tok innfallsvinkelen «ned på jorda» om du vil, og skapte ei materiell og vitskapleg tilnærming til poesi og litteratur. Dei bragte med seg lingvistikk og spåklære og satt lys på korleis poesi til dømes, tok i bruk bestemte språklege teknikkar. Det litterære var ikkje noko «oversanseleg», det var kun ei spesiell organisering av språket som ein litteraturvitar kunne nærma seg på liknande vis som ein mekanikar nærma seg ein teknisk maskin. For formalistane var litteratur eit slags valdsopprør på regulær språkbruk. I daglegtala tenker ein ikkje over språket, det glir ut av oss heilt naturleg, det er «automatisert». Gjennom å merkeleggjera språket på ulike vis kunne litteratur også merkeleggjera lesaren og gjera den kjende verda merkeleg. Formalistane meinte det litterære slik hadde moglegheit for å tvinga lesaren ut av det kjende og bringa fram nye perspektiv. 

Men viss formalistane har rett, at litteratur er eit språkopprør, eit unormalt type språkbruk, må ikkje det då finnast det motsette, eit normalt språk? Sanninga er jo at språk er utruleg inkonsekvent. Språket varierer, ikkje berre mellom gruppar med ulik etnisitet, klasse og kjønn til dømes, det varierer også frå situasjon til situasjon og frå ei tid til ei anna. Skulle me ha klart å tyda eit utdrag tekst frå ein tapt sivilisasjon hadde me ikkje vore i stand til å fatta kva det var, om det var ein praktisk beskjed, poesi, spøk eller slang, ettersom me ikkje hadde hatt innblikk i den meir «ordinære» daglegtalen deira. I dag stussar me gjerne over kor arkaiske tekstane før i tida var at ein kan lura på om dei verkeleg snakka slik på den tida. Sjølv om formalistane såg dette, og meddelte at språket varierte og var i endring, halde dei likevel fram at litteraturen i essens var å merkeleggjere. Plukkar du opp ein tilfeldeg samtidsroman vil du antagelegvis finna lange passasjar som ikkje nemnevis kan seia å vera merkeleggjerande eller eit opprør på språket i ein slik forstand, men det er vel framleis litteratur?

Som mål i seg sjølv
Kan det henda at det ikkje er noko ibuande «litterært» i det me kallar litteratur, men at det heller er mottakinga som avgjer om ein tekst får pryda seg med litteraturomgrepet? Ofte kan ein tekst vera fleire ting på ein og same gong. Når robotstemma i rutetoget i Stavanger les opp at «neste stopp er paradis» er det mogleg å ta den utsegna ut av det praktisk formålet og heller høyra ho seia noko dypt om meininga med menneskeleg eksistens og tida etter døden. Ein kan koma til å sjå poetiske sider i tekstar som strengt tatt ikkje hadde til formål å vera det. Ein kan dimed lesa ting poetisk. Dette kan vera ein viktig eigenskap med «det litterære»: at ein set ting i ein annan opphøgd og billedlig standard enn det ei handlelista eller ei bruksanvisning ser ut til å gjera – «det litterære» har ikkje eit utprega praktisk formål innbaka i seg.

Ei historisk gransking vil likevel finna at det å knytta litteratur til noko ueigenyttig, estetisk og med eit «mål i seg sjølv», også har eit historisk opphav. Ei slik moderne forståing av kunst og estetikk kom som eit romantisk motstykke til ei aukande utilitaristisk tankegong under den industrielle revolusjonen. Tanken om at det estetiske var ein form for atskilt erfaring kan forståast som ein motreaksjon på ei aukande framandgjering frå kunsten i tida. Å sjå på kunst og poesi isolert frå det sosiale og det materielle ville derimot ha vore absurd for skaldane i vikingtida.

Ustabil kategori
Det kan sjå ut til ein må sjå vekk frå tanken om at litteratur viser til noko med ein klart definert eigenskap. Omgrepet er ikkje «objektivt» på samme måte som mykologi viser til studiet av sopp. Ein kan likevel ikkje seia at litteratur er noko «subjektivt», då eg ikkje kan slenga rundt med peikefingen og kalla ein tilfeldeg teikneserie eller graffititekst for litteratur, kun fordi eg sjølv verdset dei. Litteratur ser ut til å vera eit kulturrelativt omgrep som tar for seg ein kanon med tekstar som verdsettast i ei gitt tid. Det ber med seg den dramatiske konsekvensen av at alt, hypotetisk sett, kan vera litteratur, og alt som i dag er litteratur, kan halde opp med å vera kalt litteratur.

Sjølv dei verka som virker til å vera hogd i litteraturfjellet kan med tiden falla ut. Ein kan sjå for seg eit samfunn som ikkje ser nokon verdi i Odysseen, at verselinja trer fram absurde og at reisen til Odyssevs sest på som totalt irrelevant. At Odysseen likevel blir tatt opp igjen og lesen har muligens heller å gjera med at ulike tekstar blir lesen på ulikt vis gjennom tida. Måten Odysseen blir lesen på i dag er ikkje den same som ho blei lesen på i mellomalderen. Teksten er på sett og vis ikkje det same. Det er med på å forsterka litteratur og «det litterære» som ustabile kategoriar. Sjølv om mykologi kan virka som ein mykje meir «objektiv» kategori enn litteratur, er det heller ikkje slik at slike kategoriar heller er frie for å vera verdidommar. Viss eg peikar på ein sopp og seier «dette er ein kantarell» så er det ei ytring som tar for gitt ein drøss med forutforståtte godtakingar og forståingar på same sett som påstanden «dette er litteratur». Eg tar for gitt at ytringa er verdt å ytra, at eg gjerne er ein person spesielt eigna for å ytra og verifisera ho som sann, at noko nyttig kjem ut av det å ytra ho, og så vidare. Ein kan også tenka seg nokon som kom frå ein stad kor ein ikkje la felles namn på ulike vekstar i naturen på denne måten.

Det dømet viser er at det ikkje finst noko slikt som nøytrale eller verdilause dommar. Å hevda at noko er nøytralt eller verdilaust, er i seg sjølv verdidommar. Alle dommar viser til ei lang samling med verdiar og forutforståtte dommar som ein tar for gitt i måten ein manøvrerer seg på i verda. Desse strukturane er noko av det ein kan prøva å setta ord på med omgrep som «ideologi» Dei er kulturelle og ideologiske strukturar som kan verka urokkelege, relative og fleksible, alt på same tid. Måten me kommu- niserer og set ord på ting i verda har alle rot i slike strukturar. Som oftast forsøker ein med «ideologi» å visa til ytringar som er knytt til maktforhold og vidare reproduksjon av slike forhold. Ideologiske ytringar verkar ofte gjennom å «naturalisera» bestemte synspunkt og perspektiv, og kulturelle kategoriar og smakshierarkiar har blant anna vist seg for å vera viktige redskap knytt til reproduksjon av sosiale maktforhold. «Litteratur» er ideologi.

2014-00-argument-byline-logo-small

Referanser:
1. Frå Søppelsolen (1989), Tor Ulven