Samfunn

Falske minne om iskrem og angst

Tekst: Pauline Neergård

Om det er éin roman eg ofte anbefaler til venar som ikkje har konsentrasjon og motivasjon nok til å lese lengre bøker, så er det Hvordan jeg ble nonne (1998, norsk utgåve frå 2011) av César Aira (1949 – ). Forfattaren er ein av Argentina sine beste, nolevande samtidsforfattarar og byr på handlingsrike, korte og sprø historier der grensene mellom fantasi og realitet blir viska bort.

Tittelen Hvordan jeg ble nonne (Cómo me hice monja) har overraskande nok ingen klar relevans til handlinga i boka, som tematiserer ein seksåring som smakar iskrem for fyrste gong i Buenos Aires. Det høyrast kanskje ut som eit uskyldig og nostalgisk plot, men etter berre nokre sider er handlinga langt frå idyllisk, men heller grotesk og tragikomisk.

Angsten vokste for hvert sekund. Isen viste seg for meg som det mest ondskapsfulle torturinstrument som noensinne var blitt oppfunnet. Pappa rev den lille skjeen ut av den andre hånden min og stakk den ned i isen. Han tok den opp igjen lastet med et tungt berg av is og førte den mot munnen min (Aira, 2011:12).

Erindringsromanen blir meir og meir absurd og forvirrande til fleire sider du les, ettersom forteljaren innrømmer at han er ein flittig lystløgnar med feberdraumar og hallusinasjonar, som bytar på å omtale seg sjølv som både gut og jente, og han/ho har i tillegg veldig god fantasi.

Dei fleste av oss hugsar nok ikkje så mykje frå barndommen vår i detalj lenger. Berre nokre få, diffuse minne sit igjen, og desse er det ikkje sikkert vi ein gong hugsar på rett, men berre har sett på bilete i eit fotoalbum. Litt den same følelsen får ein av å lese Aira. Ettersom forteljar og hovudperson i historia har same namn som forfattaren sjølv, har plotet klart nokre sjølvbiografiske tendensar, og skildrar det César trur han hugsar frå barndomen sin. Det er ein einsam seksåring vi blir kjende med. Han har mykje angst, opplever fattigdom, klasseskilje og utanforskap og fortel om traumatiserande hendingar i livet – episodar som like godt kan vere det ein i kognitiv psykologi kallar for falske minne. Slik blir lesaren sittande igjen som eit spørsmålsteikn om kva som faktisk er sant og ikkje.


Boka er som sagt kort, berre hundre sider lang, men rystande nok til at du hugsar den i lang tid framover. Og som romanen òg speglar, er det gjerne dei minna du helst vil gløyme som du endar opp med å hugse best. God lesing!



Fakta:

  • Boktittel: Hvordan jeg ble nonne.
  • Originaltittel: Cómo me hice monja (1998).
  • Om forfattaren: César Aira (1949 – ), fra Coronel Pringles, i Argentina. Aira er ein av dei største, nolevande samtidsforfattarane i Latin Amerika, har skrive meir enn 100 titlar (essay, romanar og oversettingar), og har vunne mange litteraturprisar, bl.a. Guggenheim-prisen og Manuel Roja sin ibero-amerikanske litteraturpris.
  • Oversetting: Frå spansk til norsk av Kristina Solum (2011)
  • Forlag: Hovde & Brekke Forlag AS
  • Sidetal: 115.