Tekst av Lena Sperrevik Illustrasjon av Hannah Ødegård
Året er 2024. Spørsmålet om samfunnet er på veg i riktig retning er passe omdiskutert. Krig, klima, og for nokon, kampen om kvinner. Ikkje kampen for, men om. Eller er mot kanskje det riktige ordet? Dersom ein skal ta for seg incel-kulturen, gøymt i lukka ekkokammer på ulike nettforum, vil mot absolutt vere mest presist.
Incel kjem frå dei engelske orda involuantary celibate, og skildrar eit av hovudtrekka rundt desse menneska. Likevel er det nokre viktige moment som manglar når ein bruker omgrepet ufrivillig sølibat. Å oppleve mangel på sex medfører nemleg ikkje at ein også er incel. Opplev du derimot mangel på sex, eit sterkt kvinnehat, og meiner at dei er rota til alt vondt? Ja, då har eg nokre dårlege nyheiter å kome med. Men frykt ikkje! På anonyme internettforum, som 4Chan og Reddit, har du gode moglegheiter til å finne tilhøyrsel saman med andre. Og nettopp her ligg delar av problemet. Når ei gruppe menneske, her i hovudsak menn, samlast rundt eitt bestemt tankesett, og desse tankane vert reflektert fram og tilbake som eit ekko, vil framandgjeringa fortsette å auke, og vi endar opp med eit meir polarisert samfunn. Internt blant incel-miljøet derimot, vil det å dele erfaringar med andre likesinna redusere einsamheita dei i utganspunktet kjente på. Kva har det då å seie om resten ikkje er einige, når det er nettopp resten som har skulda?
«Resten» består blant anna av kvinner som, ifølge incels, berre er tiltrekte av ein viss type menn styrt av deterministiske faktorar. På foruma har dei utvikla sin eigen terminologi for å skildre denne resten. Ein Chad og ei Stacy er døme på dette. Førstnemnde representerer den optimale mann – han er vinnaren av det genetiske lotteriet og har uavgrensa tilgang på sex. Ei Stacy er den kvinnelege versjonen, og vert berre tiltrekka av ein Chad. Basert på dette har det utvikla seg ein “red pill”-mentalitet, inspirert av filmen The Matrix. Omgrepet er ikkje berre brukt blant incels, men er generelt mest utbreidd innan hatkultur. Ein redpiller, ein som har tatt den røde pilla, hevdar å ha avdekt den faktiske sanninga på korleis samfunnet er bygd opp. I dette tilfellet inneber den harde sanninga at kvinner styr av hypergamiske instinkt. Utsjånad, status og rikdom er blant det einaste dei bryr seg om, og nok ein gong er det Chad som stikk av med sigeren. På nettforuma har det også blitt utvikla terminologi for å skildre dei svake i samfunnet. Vinnarane av det genetiske lotteriet, Chad, har ein “warrior skull”, karakterisert av ein kraftig og fremoverretta hake og ein veldefinert kjeve, medan dei motsatte har akkurat det motsatte. Det er lite å gjere med eit system som allereie er avgjort; Dei med svak hake får ikkje pult. Haldingane dei sit igjen med blir delt på nettforuma, og igjen vert desse sendt fram og tilbake som ekko. Resultatet blir å berre høyre meiningar som gjenspeglar sine eigne, og dermed hamne endå djupare ned i ekkokammera. Konklusjonen om at det eksisterer eit skilje mellom vinnarar og taparar i datinglivet er ikkje berre avgrensa til amerikanske nettforum. Lignande oppfatningar finst også i norske medier, der sjølv politikarar har diskutert den “tinderifiserte” sexkulturen i landet, med eit mindretal av menn som favoriserast. Denne oppfatninga kan bekreftast gjennom eit populært reknestykke blant redpillere: Topp 20 prosent av menn er i lag med topp 80 prosent av kvinner. Ti prosent av kvinnene er nøgd med mellomtingen, som utgjer 70 prosent av menn, medan dei siste vil framleis ha ein Chad. Den resterande andelen består av incels som meiner at dette reknestykket er så godt som skriven i stein.
Dessverre er ikkje medisinskapet lukka heilt ennå. Den meir ekstreme versjonen av “red-pill” heiter “black-pill”, og kjenneteiknast av endå meir pessimistiske syn på både kvinner, seg sjølv, og framtida. Også for dei er lagnaden allereie avgjort; Evig ufrivillig sølibat. Saman er dei offera, og saman hatar dei kvar og ein Chad og Stacy. Forbetring av utsjånad hjelper ingenting, forbetring av korleis ein er, hjelper endå mindre – damer bryr seg jo ikkje litt om sånt. Resultatet blir heller meir hat. Ikkje berre mot denne “resten”, men også innad i miljøet. Dette blir endå eit tilfelle på kvifor det er skadeleg å isolere seg i ekkokammer. Det er nemlig ein forskjell på eit fellesskap og eit trygt fellesskap. Sjølvforakt, sjølvmordstankar og pessimisme blir verken møtt med hjelp eller trøyst, men heller oppfordringar om å også ta livet av fleire, helst kvinner, dersom ein likevel skal ta sitt eige.
Kampen om kvinner er tapt. Sigeren gjekk til dei mest attraktive, dominante, og seksuelt vellykka av oss. Kva med kampen mot? Ironisk nok, var det ei kvinne som først brukte omgrepet incel. Målet hennar var å skape eit trygt fellesskap for personar av alle kjønn som opplevde å leve i ufrivillig sølibat. No består incel-miljøet nesten utelukkande av menn.
Menn som hater kvinner. «Oss mot dei»-mentaliteten, oppstått i ekkokammera, har vorte direkte farleg for samfunnet. I 2014 angrep, knivstakk og skaut amerikanaren Elliot Rodger menneske i ei folkemengde. Resultatet var seks drepne og fjorten skadde. Til tross for at han aldri eksplisitt kalla seg ein incel, har han vore ein viktig del av miljøet. Før åtaket publiserte han eit manifest, og forklarte at kvinner har skulda og bør straffast for hans mangel på relasjonar. Rodger har inspirert andre, blant anna Alek Minassian, som i 2018 drap 11 menneske og hylla Rodger. Sjølv om ikkje alle i incel-miløet er like ekstreme som Rodger og Minassian, kan det vere skummelt å bryte med ekkoa og innrømme at det har gått for langt. Då vil ein nemleg stå i fare for å bli isolert og utstøyt endå ein gong.
Stemmer det som incel-miljøet hevdar, at vi står på to ulike sider i kampen? Eller har vi eit felles ansvar for å bryte opp ekkokammera? Den åpenbare, men fullstendig umoralske løysinga på problemet, er at kvinner må tilpasse seg ved å ha sex med alle menn. Alternativt er eit anna innlysande, men meir konstruktiv forslag, å få enkelte menn til å reflektere meir over eigne haldningar og vrangførestillingar. Ein kollektiv innsats for å fremme sunnare relasjonar, skape samhald og forståing, vil kanskje kunne kutte banda til ekkokammera, og erstatte dei med eit meir nyansert syn på kjærleik og intimitet. Rekruttering av fleire kvinner kan vere ein hjelpande faktor, og skulle det vise seg at resten av planen ikkje funkar så kan eit veksande incel-miljø, dominert av både kvinner og menn, bidra til å løyse eit anna problem verden står ovanfor i dag: Overbefolkning.