2025 - Bruk og kast - Tema

Bruk og kast språk(ut)vask

Tekst av Anne Stine Holand Floa

Eg har slutta å sei at eg e klar
Ein gong i tia va det eit av ordan eg brukt mest
Fer ingenting e like beskrivanes fer konsekvensan av ein hektisk kvardag som akkurat det ordet
Men eg har slutta
No går det heller i gåen 96% av tia, som i 90% av tilfellan e ein overdrivels
Eller så unngår eg å uttrykk meg om herre evige tilstanden i det heile tatt

Fer dokk ferstår meg ikke i denj landsdelen her
Dokk ferstår ikke ka eg meini
I dokkes hau har klar bære éi betydning: det motsatte av det eg faktisk meini
Så eg har tepassa meg og språket mett
Og på nån måta kanj det sjåast på som ein bra ting
Å ferstå kvarainner – å kommuniser – det e vel heile poenget me språk?

Men samtidig har språket mett mesta ein nyanse
Eg har vaska vekk ein (okei, litt rar og ubetydelig) del av identiteten minj
Og kanskje e herre sjølsentrert og egoistisk, men eg vil ikke held på sånn lenger
Så fra no av ska eg sei klar når eg e klar
Gåen når eg faktisk e gåen
Og sliten bære som ei ferklaring dem første gongan dokk ikke ferstår meg

Fer i dem tilfellan, spør!
Lær! Værra nysgjerrig!
Held mangfoldet og nyanseforskjellan i det norske språket i live!
Kanskje vi da ikke har behov fer å ty te nyanseforskjellan engelsk gir oss like ofte?
I’m just a bit tired, you know?