Dikt av Emilie Hansen Illustrasjon av Oona Joronen
Korleis kan ein skrive eit skrik
slik du høyrer det
slik det skjær i øyrene dine
det held ikkje å skrive at vi skrik
at vi har gjort det lenge
at ansikta omformar seg
til noko anna enn det du vanlegvis ser
til noko samantrukke og samstundes utvida
du ser det kanskje føre deg, men høyrer du?
Høyrer du korleis vi vaskar vekk orda
med grønnsåpe, klor og salmiakk
skrubbar og skurar
korleis vi fjernar dei framande hendene
brukar alle kreftene vi har
riv dei vekk frå blomane
trea og markane
frå kroppane våra
Høyrer du knitringa frå flammane
korleis dei sluker hendene
hendene vi satt fyr på
dei som tok det som ikkje skulle takast
som fortset å ta
grabbar til seg og riv sunder
men ikkje desse som no er oske
noko nytt kan vekse fram her
i freden av deira fråvær
til nye hender kjem