Tema

The Growl From Ipanema

Musikklivet i Brasil er mest kjent for sambarytmer. Men den har også en mørkere side, skriver Sigrun Sæbø Åland.

The Growl From Ipanema

Av Sigrun Sæbø Åland

Lettkledde, sveitte kroppar dansar kvilelaust i gatene. Lukta av krut og fyrverkeri fyller den tette lufta medan blinkande lys, neonfargar og skinet frå endelause, falske edelsteinar brenn seg inn på netthinna di. Det er karneval i Rio de Janeiro. Omlag to millionar menneske har samla seg for den største festen i verda. [pullquote]Fem låtar som tek deg til skuggesida av brasiliansk musikkliv. [/pullquote]Desibel-nivået ligg på smertegrensa, og store høgtalarar pumpar ut forførande sambarytmar. Som sjølve symbolet på karnevalet, er sambaen den mest kjende brasilianske musikkforma. Musikklivet i Brasil har likevel mykje anna å by på. La meg ta deg med til skuggesida.

Ratos De Porao – Morrer

Ratos De Porao er portugisisk for kjellarrotter. Desse brasilianske skadedyra byrja å spele hardcore saman i 1980, og dei er framleis aktive. Med skriking og D-beat skal dette vere det råaste og raskaste bandet i mils omkrins. Tekstane er samfunnskritiske og revolusjonære. «Morrer» får rockefoten til å rykke og innbyr til valdelege mosh pit’s.

Racionais Mc’s – Mil Faces de um Homen Leal


At livet på gata i Brasil er tøft, er ingen løyndom. Fattigdom, kriminalitet, vald og korrupsjon pregar kvardagen til mange. Den føretrekte musikalske uttrykksforma vert difor naturleg nok gangster-rap. Racionais MC’s spyttar sine rim på portugisisk og har halde koken sidan 1988. Dei fortel sanninga, og dei veit kvar dei kjem i frå. Favelaen kring Sao Paulo er ikkje ein stad å ferdast etter at mørkret har senka seg.

Colera – Faces Marcadas


Trudde du hanekam, nagla skinnjakker og hissige brøl om autonomt sjølvstyre kun høyrde Storbritannia til? Då tok du feil. Mot slutten av 70-talet sveipa punken over store delar av verda, og den fekk også fotfeste i Brasil. Vonde tunger vil ha det til at punken døydde omlag før den starta, men Colera kan sjå tilbake på ei nesten tretti år lang karriere. Dei måtte likevel legge opp då vokalist og gitarist Redson døydde av blødingar i mageregionen i 2011.

Sepultura – Roots Bloody Roots


For dei som føretrekk metal på øyret, er Sepultura garantert eit kjent namn. Bandet har selt omlag 20 millionar skiver på verdsbasis og kan seiast å vere brasilianske ambassadørar på lik linje med Ronaldo og Pelè. «Roots Bloody Roots» er Sepultura sin største hit, og ein av dei mest framtredande metal-låtane som vart sleppt på 90-talet. Bodskapen er at ein ikkje skal skamme seg over røtene sine.

CSS – Let’s make love and listen to death from above


Om ein også raskt kan stikke nasen innom den meir poppa brasilianske rocken, kjem ein ikkje unna CSS. Dette bandet hausta stor internasjonal suksess i 2006 med sin fengande vri på New Rave-sjangeren. For desse var vegen kort frå internett-hype til verdsherredømme. CSS står for Cansei de Ser Sexy som betyr «eg vart lei av å vere sexy». Opphavskvinna til dette sitatet er ingen ringare enn Beyoncé Knowles.

Som ein av verdas mest omfangsrike nasjonar har Brasil utan tvil mykje å by på, også om du er interessert i meir enn fotball, strandliv og samba. Musikken frå rennesteinen vil alltid skildre ei anna røynd enn den ein kan sjå med det blotte auget. Det kan difor vere spennande å sjå denne vegen om ein er ute etter alternative vinklingar eller sanningar. Lista ovanfor har nok litt av begge deler. Felles for alle låtane er likevel at dei representerer andre sider av Brasil og brasiliansk kultur enn den ein vanlegvis vert servert. Med det er det berre å seie at eg vonar måltidet smakar.