Kultur

Å ganke eller å ikkje ganke

Tekst: Marte Kvamme Strømmen
FAKTABOKS_ganke

I dag føregår ein betydeleg del av oppveksten til mange på PC-en, og for veldig mange er digitale spel ein del av denne. Digitale spel, eller dataspel, er ein arena der engelsk språk dominerer her i Noreg. Dette har har innverknad ikkje berre på korleis spelarar snakkar om spel, men òg korleis dei snakkar medan dei speler med kvarandre. Samtalane mellom spelarane, anten dei sit i same rom eller snakkar over Skype eller liknande program, føregår nemleg primært på norsk, men omfattar store mengder engelske ord og uttrykk. Dette er eit fenomen som ikkje er gitt så mykje merksemd i dei språkvitskaplege kretsane i Noreg, trass i at det er veldig utbreidd.

Engelsk og norsk
Kva meinast eigentleg med “engelske ord”? Ja, orda har engelsk opphav – men det har caps, shorts og tights òg, og eit drøss andre engelske ord som vi brukar til dagleg og som i mange tilfelle til og med har fått innpass i ordbøkene våre. Lånord er ein del av språk, uansett kor sterkt språkpuristar skulle ønske det ikkje var det, og med tida blir desse sett på som norske. Ord som bukse og sjåfør starta si karriere i norsk som lånord (ordet “karriere” òg!). Dei fleste orda som blir lånte i samband med spel, er termer for veldig spesifikke ting i ein veldig spesifikk situasjon. Kor mange som ikkje har spela eit MOBA (multiplayer online battle arena) veit kva ein “gank” er, eller ein “ward” eller “buff” i denne situasjonen? Men dei mest ihuga dommedagsprofetane kan ta det med ro: dei engelske orda følger stort sett norsk grammatikk.

Grammatikk, thanks
Det varierer kor mykje engelsk ein brukar når ein speler med andre som snakkar norsk. Ting som kor ofte ein speler, kor ofte ein speler med andre enn norske, og kor “inne” i spelmiljøet ein er, kan påverke kor mykje engelsk ein brukar. Då eg skreiv masteroppgåva mi om spel og språk hausten 2014 og våren 2015, samla eg inn et materiale som besto av opptak av tale frå spelsituasjonar. Dette materialet viste at om lag 13,4% av orda som var brukte i slike samtalar var anten “reint” engelske, eller engelsk med varierande grad av integrasjon i norsk grammatikk og uttalemønster. Og å integrere ord, det gjorde spelarane veldig ofte. Stort sett var språkramma norsk, og dei engelske orda hadde berre å tilpasse seg. Klare døme på dette er engelske verb i presens hos dei som har ein uttala r-lyd i presens. Denne r-en var aldri ein engelsk r, men konsekvent deira eigne r-ar, anten dei rulla eller skarra. Eit døme er ordet “roamer”; den første r-en er engelsk, den siste norsk. Men dei fleste engelske lydane som ikkje fins på norsk, som th-lydane ein har i “thing” og “the”, og w-lyden som ein har i “way”, blir uttala som på engelsk. Desse lydane blir ikkje bytta ut med “norskare” lydar som t, d eller v, sjølv om dette i teorien hadde vore eit alternativ. At dei ikkje bytar ut lydar som er spesifikke til engelsk kan ha å gjere med at dei fleste av dei snakkar med andre på engelsk, og å uttale lydar “rett” er ein fordel når ein vil gjere seg forstått. Av og til skjer det noko som kallast “dobling av fleirtalsmorfem”, der ein brukar fleirtalsending på både engelsk og norsk i det same ordet, som i “minionsene”. Dette er ordet “minion”, -s frå engelsk fleirtal, og -ene frå norsk fleirtal. Alt i alt viste den norske grammatikken seg å vere den “strengaste”, medan uttalereglane var meir tilbøyelege til å tillate engelske lydar.

Dei engelske orda følger stort sett norsk grammatikk.

Kven vekslar ein til?
Det blir brukt ein del engelske ord som er fletta inn i ei norsk språkramme, og det er kanskje denne hyppige bruken av engelske ord i norsk som først og fremst kjenneteiknar denne måten å snakke på. Men av og til snur ein heilt om og byttar språk fullt og heilt. Dette er kanskje ikkje ein heilt bevisst ting ein gjer, men i materialet mitt då eg skreiv masteroppgåva mi var det eit par klare tendensar; om ein spelar snakka direkte “til” nokon andre i spelet, som dei ikkje kjente og som ikkje kunne høyre dei, veksla dei ofte til engelsk. Dette kan vere eit uttrykk for eit ønske om å inkludere sjølv dei som ikkje kan høyre dei, ved å bruke det som er spelets lingua franca. Dette skjer i materialet mitt mellom anna når nokre av spelarane på Skype kommenterer på det dei andre på laget gjer (som ikkje er «med oss» men er tilfeldige spelarar spelet har putta oss saman med). Dei bruker då engelsk, som for å snakke med dei andre på eit språk dei sannsynlegvis hadde forstått om dei kunne høyre dei.

Ein annan tendens var at dei veksla til engelsk når dei følte at det dei sa på norsk ikkje fekk den merksemda det behøvde. I eitt av tilfella i materialet mitt var det ein som ville opplyse at han var på veg til to andre på laget. Først seier han “på vei bot” to gonger, og når han ikkje får nokon respons, gjentek han seg og legg til på engelsk “be ready please!”. I mange av tilfella har berre det at ein vekslar ei tyding. For det første kan ein veksle når ein byttar mottakar, nettopp for å vise at ein har bytta mottakar.  Dei vekslar for å gjere seg forstått, sjølv om dei dei vekslar for i praksis ikkje kan høyre dei.

Dette kan være eit uttrykk for eit ønske om å inkludere sjølv dei som ikkje kan høyre dei, ved å bruke det som er spelets lingua franca.

Språk er kommunikasjon
Kanskje vil nokre les dette, rynker på nasen og tenker “kvifor snakke engelsk når ein kan bruke gode, norske avløysarord i staden for?”. Eit viktigare spørsmål å stille seg er; fins det verkeleg avløyarord for alle uttrykka som brukast i spelet? Og skal ein lære seg to sett med slike ord; eitt sett på norsk ein kan bruke med andre norskar, og så eitt på engelsk så ein kan prate med folk som ikkje snakkar norsk om dei same tinga? For veldig mange speler med folk som ikkje er norske og/eller skandinaviske og i teorien kunne forstått kva som blei sagt på norsk. Og dess likare orda er på engelsk og norsk, dess enklare er det å veksle mellom å snakke norsk og engelsk; jo enklare det er å snakke, dess enklare er det å konsentrere seg om spelet. Og til sjuande og sist er språket til for oss – ikkje omvendt.

2014-00-argument-byline-logo-small

Marte Kvamme Strømmen har ein bachelor i lingvistikk frå Universitetet i Bergen, og ein mastergrad i lingvistikk frå Oslo.