Kultur

Opprør på Campus – arven fra situasjonismen

Tekst: Torje Hommedal Knausgård | Foto: J.R. Eyerman, LIFE Magazine

I 2019 tok studentar og elevar til gatene i hopetal for å demonstrere i klimastreikane både i Noreg og i utlandet. Studentaktivisme kjennest ofte fjernt i Noreg, men dukkar jamleg opp på campusar i land som Frankrike og Canada. 60-talet, medalle dei sosiale rørslene som fann stad, var ein diger faktor for korleis studentar driv med aktivisme den dag i dag, mykje på grunn av idear og taktikkar frå den situasjonistiske internasjonale.

På sporet av den ekte situasjon
Situasjonismen er både ei revolusjonær politisk rørsle og ein avantgardekunststraum som kom fram på 50- og 60-talet i Paris, men som hadde sine «avdelingar» rundt omkring i Europa. Rørsla brøyt ut frå forløparen lettrismen på 50-talet, som også var ein avantgardistisk rørsle, men som var meir retta mot kunst, poesi og film enn mot politikken.

Som idé er situasjonismen ein psykologisk teori som går ut på at menneske vert påverka av utanforståande hendingar i situasjonen dei er i, heller enn interne prosessar. Rørsla den situasjonistiske internasjonale, baserer ideane sine på å skape situasjonar der det å skape ein situasjon er med på å frigjere individet frå det daglegdagse. 

For å sette teoriane sine til verks skapte dei mest prominente situasjonistane ulike metodar for å møte på mest mogleg unike situasjonar, ein metode som vart kalla la dérive, «driv» på norsk. La dérive er ein teknikk der ein går ut i det urbane og spontant følger omgivnadane, situasjonar som kjem opp, for å falle i eit med dei og kjempe mot keisemda ein får av det moderne samfunnet. La dérive spelar mykje på lag med studiet psykogeografi, som er studiet av la dérive utvikla av Guy Debord. 

I alle teoriane til den situasjonistiske internasjonale finn me ein moderne kritikk av kapitalismen i tillegg til ein kritikk av forbrukarsamfunnet, men den som tar eit oppgjer med dette på eit samfunnsplan, er «le spectacle» eller spetakkelet, som det vert på norsk. I 1967 gav Guy Debord ut boka La société du spectacle [Norsk tittel: Skuespillsamfunnet] som forklarar kva spetakkelet er, og korleis det eksisterer i samfunnet. Boka har kanskje skildra dagens samfunn betre enn den skildra dåtidas samfunn; meir relevante i dag er område som sosiale medium og framandgjering i form av auka kommodifisering, altså korleis so og seie alt i samfunnet, det vere seg relasjonar på sosiale medium eller idear, vert sett på som varer i ein marknad, og korleis dei slik får ein økonomisk verdi hengt på seg som forandrar relasjonane eller ideane til objekt. Sjølv om dei verkar meir relevante i dag, vart boka og den situasjonistiske internasjonale pådrivarar til 68-opprøret. 

Men situasjonistane på 60-talet teoretiserte ikkje berre problem i samfunnet og korleis ein kan gjere livet betre individuelt, men også korleis ein kan gjere det betre kollektivt. Med bruk av det ein i dag vil kalle «pranks», klarte situasjonistane å vende media mot seg sjølv ved å tvinge fram mediedekning berre for å vere nemnd i avisene eller ved å gjere om på reklameskilt. 

Frå avrettingar til massestreik: Studentaktivisme har alltid eksistert.
Så lenge det har vore universitet i verda, har det også vore studentar og studentaktivisme. I 1229 streika studentar i Paris over henrettinga av fleire studentar etter eit opprør. 

Årsaken for opprøret var at fleire studentar ikkje kunne betale for ølet dei hadde drukke, og dei vart kasta ut av baren. I 1848 vart studentar i Austerrike og Prøysen meir politiske og deltok under revolusjonen saman med arbeidarar.

Men det er ikkje før ein kjem til 1900-talet at studentar byrja å bli meir aktive både på campus og i gatene. Som resten av samfunnet vart campus prega av nye politiske strømmingar. Studentforeiningar fungerte som fagforeiningar for studentar, og dei byrja å halde møter og konferansar om demokrati, utdanning og arbeidarrett. Sjølv om aktivismen hjå studentar var til stade, var det ikkje før 1968 at han fekk satt sitt preg. 

Inspirert av den situasjonistiske internasjonale stod franske studentar, og etter kvart franske arbeidarar, opp mot staten og samfunnet. Opprøret var komplisert. Det enda opp i ein generealstreik som lamma heile Frankrike, og fekk president De Gaulle til å lyse ut nyval – alt på grunn av sinte studentar som såg seg leie av at menn ikkje kunne bu med kvinner på internata. Det var eit opprør som var retta mot heile samfunnsordenen, men som sprang ut av ein enkeltsak som forsvann like raskt som den kom fram. Men arven og myten om 68’ lever i dag. 

Dagens situasjon(isme) og aktivisme
Teorien om spetakkelet hjå Guy Debord er for studentar særleg til stade i akademia i dag. Dette kjem fram i form av auka marknadsgjering der universiteta skal vere konkurransedyktige, noko ein kan sjå i framveksten av toppleiingstruktur og i inntekta institutta og fakulteta får for kvar student. Studenten er forbrukar på universitetet, men også ei vare som universitetet «sel». Så ein del av studentaktivismen i dag kan ein sjå som eit sinne mot ei leiing som ser på studentar som studiepoeng og pengar. 

Men der ein i 1968 og i 1848 hadde eit ynskje om å forandre store delar av samfunnet, har dagens studentaktivisme andre drivkrefter og ynskjer for aktivismen sin. Der 68-opprøret enda som eit utløp av sinne, raseri og fortviling mot noko ein ikkje heilt visste kva var, er dagens aktivisme meir retta mot konkrete saker. Klimastreik og ynskje om lågare, eller ingen, skulepengar, er saker som tiltrekk seg store mengder studentar til protestar og demonstrasjonar, alle med eit ynskje om å ta tilbake kontrollen på campus og framtida til studentar og unge via aktivisme. 

Den delen av aktivismen som er retta mot lokale problem på campus, er som regel retta mot leiinga på eit universitet, eit ynskje om å kunne delta meir, men også eit ynskje om meir mangfald på universitetet. Taktikken ein brukar, er inspirert av situasjonistiske taktikkar, frå sit-ins der studentar okkuperer område på campus for å fremja saka si, og «reclaim the street», der ein tar tilbake gatene og skapar eit fellesskap der, til å avbryte timar. 

Studentaktivistane er ikkje ein organisasjon som demonstrerer sporadisk fordi ein likar vald, men ei laust samansett rørsle som har eit ynskje om å skape ei betre framtid for studentar og unge. Å krevje å være med på prosessen er i seg sjølv ein form for situasjonisme, å ville sjå noko anna enn det ein vanlegvis gjer.