By og land

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu miljøvenleg

Tekst: Astrid Bragstad Gjelsvik
Foto: Ida Gøytil

Sommaren i år var ein lang trommekvervel opp mot stortingsvalet. Det kjendest som at eg såg menneske som ønskte seg forandring overalt rundt meg. Protestane mot dei koronaforsterka skilnadene mellom folk, bustadsopprør, bondeopprør og ikkje minst kravet om ei ny retning i norsk klima- og naturpolitikk – det skorta ikkje på motstand mot kursen samfunnet vårt heldt. Midt i kjeklinga mellom opposisjonspartia kom den nyaste klimarapporten til FN og slo fast med enda større visse at klimaendringar er her no, tar liv av menneske no, og vil få katastrofale konsekvensar om vi ikkje endrar levemåten vår – og det raskt. Spørsmålet om korleis vi gjer det, tok sin naturlege plass i debatten og splitta partia.

Klima- og naturkrisa er nesten overveldande skummel og urettvis og distrikts-Noreg spelar ei utruleg viktig rolle i møte med ho. Eg skal prøve meg på å skildre det eg ser som hovudtrekka i diskusjonen rundt by, land og klima – og kva viktige punkt som ofte druknar. 

Byen, landet og klimanisjen 
By og land blir nemleg ofte sette opp mot kvarandre når det gjeld klima. Medan ein i byen kan spare energi ved å bu i ei sentraloppvarma blokk og kome seg rundt med kollektivtransport og sykkel i staden for bil, er folk på bygda meir avhengige av fossil energi for å få kvardagen til å gå rundt. Nettopp på grunn av at livet på bygda kan krevje høgare karbonavtrykk, kan ein av og til høyre folk prate om at ei løysing på klimakrisa rett og slett er at fleire flyttar til byane. Sjølv om ingen av miljøpartia i Noreg meiner dette, blir dei ofte skulda for å berre lage klimapolitikk som passar til eit liv i byen, og at politikken deira straffar folk for å bu på bygda. Dette kan skape ein motstand på bygda mot desse partia, som igjen forsterkar byentusiastane sitt inntrykk av bygda som miljøversting. 

Trass i konfliktnivået og alvoret i klimasaka, kan eg av og til ta meg sjølv i å tenkje at det er noko spennande med han òg. Klimaforskninga viser at måten vi lever på i dag ikkje kan halde fram om me ønskjer oss ein planet der menneske og dyr kan leve gode liv i framtida. Vi er nøydd til å skape oss nye samfunn, og tida er open – kanskje til og med overmoden – for omveltande diskusjonar om korleis vi skal organisere samfunna våre på berekraftig vis. I dette ligg det ei moglegheit til å skape noko som er enda betre enn det vi har frå før. Samstundes blir denne moglegheita snevra meir og meir inn for kvart år som går. Noko av det skumlaste er at vilkåra vi har for å produsere mat til alle menneske på jorda, og dermed dekke våre mest grunnleggjande behov, blir utsett for aukande press. Dette skjer ikkje jamnt over heile verda, men rammar jordas innbyggjarar urettvist og skeivt. 

Det som gir meining å gjere når ein veit at verda brått kan få mange færre matressursar å råde over, er å byggje opp berekraftig landbruk i dei områdane der det gir meining å produsere mat.

Ein artikkel frå 2020 viser at klimanisjen til mennesket vil forandre seg drastisk innan 2070 om vi ikkje gjer noko med utsleppa våre i åra som kjem. Klimanisjen til ein art er det klimaet som arten har klart å leve i fram til no. Artikkelen viser at om me held fram med utsleppa våre, vil store område i Sør-Amerika, Afrika og Asia vere so mykje varmare i 2070 at det blir umogeleg å bu i desse områda. Det er ein svært alvorleg spådom, og om vi realiserer han vil territoriet og livsgrunnlaget til utruleg mange menneske bli øydelagt av den kumulative mengda CO2 i atmosfæren, som hovudsakleg er sloppen ut av dei rikaste landa i verda. Ein stor del av årsaka til at områda utafor klimanisjen blir så vanskelege å bu i er at det blir utfordrande å produsere mat der – og matressursane i desse er allereie pressa. Det bryggar med andre ord opp til ei svær matkrise. 

Beitemark i Noreg og regnskog i Amazonas
Når ein veit at verda brått kan få mange færre matressursar å råde over, bør ein reagere med å byggje opp berekraftig landbruk i dei områdane der det gir meining å produsere mat. Og i Noreg gir det meining å produsere mat. Vi kan produsere mange forskjellige grønsaker og korn, og i områda utan god matjord kan ein ha dyr på beite. Men i staden for å nytte dei ressursane vi har i landet vårt, importerer vi mykje av maten vi et frå andre land. 

Tal frå Noregs institutt for bioøkonomi (Nibio) seier at sjølvforsyningsgraden i Noreg var på 45 prosent i 2020. Altså er over halvparten av maten vi et i Noreg importert. Men ikkje nok med det: Om vi korrigerer for at vi også importerer mykje av fôret vi gir dei norske husdyra, er sjølvforsyningsgraden nede på 36 prosent. Dette er ikkje berre eit beredskapsproblem i Noreg, og noko som gjer oss sårbare; dette er mangel på solidaritet med innbyggjarar i andre land. For mens vi lar beitemarkene våre gro igjen og gir dyra våre kraftfôr laga av importert soya frå Latin-Amerika, blir småbønder og urfolk fortrengt av dei store soyaprodusentane, og regnskog i Amazonas blir hogge ned. Videre kjøpte vi over 3000 tonn kjøtt frå land i det sørlige Afrika, mens det var matmangel i området. I ei verd der matressursane blir knappare i mange sårbare land, blant anna på grunn av CO2-utsleppa vi har bidrege med, kan vi ikkje basere vårt eige kosthald på så mykje import – vi må gjere vårt for å ta del i den globale matproduksjonen. Det er her bygda kjem inn i biletet. 

Når vi skal sjå for oss korleis vi skal organisere samfunnet vårt på nytt for å møte klimakrisa, må bygda og det miljøvenlege landbruket vere ein grunnleggjande del av dette.

Levande bygder i ei meir rettvis verd
Eit berekraftig og sjølvforsynt landbruk krev gardar som har meir eller mindre lukka krinsløp i drifta si, der restane frå ein produksjon kan brukast i ein annan. Til dømes kan møkka frå husdyr brukast som gjødsel i plantedyrking, og restar av plantar kan brukast som fôr til husdyr som gris og høne. Dette er eit svært annleis landbruk enn det industrielle og ekspansive landbruket som har vore målet i landbrukspolitikken dei siste tiåra, og krev at vi erstattar målet om å produsere størst mogleg volum for lågast mogleg pris med eit mål om å nytte ressursane vi har i landet vårt på ein meiningsfull måte. I eit slikt landbruk gir det gjerne meir meining med mange små gardar enn få store. Eit godt forvalta landbruk kan også bidra til å oppretthalde biologisk mangfald i kulturlandskapa, som i følge nokon studier kan henge saman med betre karbonlagring i jorda. For at vi skal kunne ha eit slikt landbruk må vi ha mykje arbeidskraft på bygdene. Vi må også ha infrastruktur og velferd i heile landet til dei som truleg må flykte frå heimlanda sine på grunn av klimaendringar, uansett kor mykje utslepp vi byrjar å kutte no. Bygdene må vere ein god buplass og landbruket må vere ein attraktiv arbeidsplass. Dette er ein viktig klimasak fordi eit av dei største og allereie uunngåelege problema med klimakrisa er at ho kjem til å øydelegge mykje av matressursane i verda. Sjølv om vi sjølvsagt samtidig må kutte utsleppa våre så raskt som mogleg, både på bygda, i byen og ikkje minst i olja, er det på høg tid at vi får ein meir berekraftig og solidarisk matproduksjon i Noreg. Då trengs det levande bygder. 

Når vi skal sjå for oss korleis vi skal organisere samfunnet vårt på nytt for å møte klimakrisa, må bygda og det miljøvenlege landbruket vere ein grunnleggjande del av dette. Målet med landbruket må ikkje vere profittmaksimering, men å ta det globale ansvaret vårt på alvor – slik vi òg må gjere med utsleppa våre. Meir enn på ei ny regjering trur eg på at ein allianse mellom bønder og miljørørsla vil få mykje å seie i framtida. Det er naudsynt for å skape ei betre og meir rettvis verd.