Minne

Å gripa det ein helst ikkje vil komma nær

tekst: Idunn Viktoria Rostøl

Då foreldra og systera til forfattar Uwe Timm var daude, kunne han endeleg finna fram ei bortgøymt eske. Eska hadde mora vakta heile livet, og inni var dei personlege gjenstandane som eldsteguten bar med seg på Austfronten. Dei kom i posten saman med dødsbodskapet, og kort tid seinare hamna dei i ei skuffe i sminkebordet til mora. Broren til Timm verva seg frivillig som soldat i SS då han var 18 år gammal, og gjennom innramma glansbilde på stoveveggen og den botnlause sorga til foreldra hadde han følgt yngstesonen Timm som ein mytisk og fortagd figur. Då Timm spurde om broren, blei han nemleg avslått med ein formaning om å la dei daude vera i fred. Nå som dei alle var vekke, var tida endeleg inne for å skilja sentimentale minne frå beinharde fakta – og opna skuffen. Men med han i hendene, kjente Timm ein kvalmande ambivalens breia seg i kroppen; for kva for ein bror ville han finna?

I boka Am Beispiel meines Bruders (For eksempel min bror, omsett til norsk i 2013) puslar Timm saman personlege og nasjonale hendingar for fyrste gong i jakta på kven broren var. Det er eit krevjande minnearbeid, noko som òg reflekterast i den fragmentariske forma på boka. Glimt frå barneleik i eit utbomba Hamburg, utdrag frå ein av talene til Himmler, skildringar av å skimta slekta i spegelen, lukta av bomberom og sjukebesøk hos den aldrande systera er noko av samansuriet i minnekollasjen. Dei forskjellige bitane blir ikkje samla til ei samanhengande og definitiv forteljing i boka, men blir heller ståande som tilsynelatande lausrivne versjonar av fortida, der dei gjerne kan stå i motsetning til kvarandre utan at det nødvendigvis blir kommentert av forfattaren. For kven var det eigentleg som lærte fem år gamle Timm å slå saman skohælane og løfta høgrearmen i ei hitlerhelsing? Var det noko han plukka opp på besøk hos faren i kasernen i Coburg, eller var det ein lærdom frå alle nazifunksjonærane som besøkte nabokona? Minnet er ei ustadig og vanskeleg sak å gripa, der fotoalbum, anekdotar, ynskedraumar og motstridande forteljingar glir saman i ei stadig foranderlig smørje. Men om ein grev djupt og metodisk i smørja, kan ein då finna ei sanning? Timm stiller fleire konkrete spørsmål i boka, men eitt svar med to strekar under finn han tilsynelatande ikkje. Det han finn er dei mange svara, dei mange stemmene, som alle ber på sine fortolkingar og bitar av fortida.

Så oppdagar han ikkje ein bror, men mange brør. Ved arbeidsbordet skriv han fram broren systera skildra som meir far enn faren; broren mora hugsa som eit engsteleg, sensitivt og sjukeleg barn; broren faren skrytte av som det barnet som likna mest han sjølv: modig, pliktoppfyllande og sterk; og det einaste minnet han sjølv har frå broren, der dei leikar saman og han blir løfta opp i véret. Heile tida mens Timm tålmodig granskar minnet på leiting etter spor av broren, studerer broren han tilbake frå eit innramma portrett i bokhylla. Bildet er sannsynlegvis frå rundt den tida han verva seg til SS. Han har blondt hår greidd til sida og samantrekne augebryn. Timm skildrar ansiktsuttrykket hans som ettertenksamt og strengt.

Kva for ein bror ville han finna?

I arbeidet med boka legg Timm ho frå seg fleire gonger. Han blir kvalm, trist og redd. Han fortel om mareritt om broren. I eitt mareritt står broren som ein ansiktslaus figur utanfor døra og vil bryta seg inn. Han er full av gjørme. Med all si kraft klarer Timm å lukka døra, men blir livredd då han oppdagar at han står igjen med den fillete jakka hans i hendene. Spesielt eska frå Austfronten er det vanskeleg å dykka ned i. Der ligg det mellom anna ein pakke tobakk, ein kam, ei notisbok, ein tube med tannkrem, eit bilde av ei filmstjerne og fleire brev. Breva er frå og til familien. I notisboka har han skrive dagbok. Dagboka sluttar brått. Han skriv at det som skjer rundt han er så grufullt at han ikkje vil skriva noko meir. På kammen sit ennå eit par blonde hårstrå.

I møte med dagboka og breva, dei einaste nedskrivne minna etter broren, vik Timm engsteleg unna. I dagboka skriv broren om å skyta russarar, øydelegga husa til sivile for å skaffa brustein til vegar og sorga over daude kameratar. I breva skriv han kjærleg heim om korleis dei ikkje må bekymra seg for han og at han snart er heime igjen. Ubehaget Timm kjenner på når han kikkar i papira, minner han om ein djup angst frå barndommen. Om kvelden pleidde mora å lesa Grimm-eventyr for han på sengekanten. Dei las gjennom eventyrsamlinga fleire gonger, men med eitt av dei bad han alltid mora om å ikkje lesa vidare: Ei ung kvinne blir gift med ein rik borgherre. Ein dag skal han reisa bort, og då han drar gir han kona nyklane til alle romma i borgen. Ho får streng beskjed om at ho kan bevega seg fritt i alle romma, men om ho låser seg inn med den gylne nykkelen i det inste rommet, vil ho lida den verste straffa for nysgjerrigheit – nemleg døden. Ho blir skremt og held seg vekke frå rommet, men etter ei tid vinn den kriblande nysgjerrigheita likevel og ho låser seg inn i det inste rommet. Då ho bryt forbodet og opnar døra, orka ikkje Timm å høyra meir.

Fyrst fleire år seinare, som vaksen, las han eventyret til endes. Då kona opna døra, flomma blod utover gangen. I det mørke rommet kan ho skimta døde, rotnande kvinner som heng på veggane. Livredd smell ho igjen døra, men ho mister nykkelen på golvet. Ho plukkar opp nykkelen som nå er dekka i blod, og ho prøver å vaska vekk blodflekkene. Men om ho vaskar dei av på den eine sida, så dukkar dei opp på den andre.

I det mørke rommet kan ho skimta døde, rotnande kvinner som heng på veggane. Livredd smell ho igjen døra, men ho mister nykkelen på golvet

Timm går ikkje nærare inn på korfor han trekk inn eventyret frå barndommen, men ein kan tenka seg at han ser noko av seg sjølv i kona. Når han les i papira til broren opnar han eit rom han ikkje har hatt lov til å kikka i, og han veit ikkje kva for nokon folkemord som kan venta han der. Når han fyrst har fått innsyn i forteljinga til broren, som så blir ein del av hans eiga forteljing, kan han då vaska av seg blodet og skamma? Gjennom å opna eska, opnar Timm for vonde minne han aldri har blitt fortalt før. Stilla som har omgitt desse sidene ved familieforteljinga har ikkje gjort at dei har forsvunne, men snarare skapt dei om til vonde, språklause tomrom han har navigert mellom heile livet. Gjennom å bryta stilla gir han for fyrste gong òg desse minna eit språk, noko som gjer at dei ikkje lenger er eit vondt kaos ein ikkje våger å nærma seg, men hendingar ein kan setja i samanheng og som kan gi ein større forståing for korfor både fortida og nåtida ser ut som dei gjer.

I Tyskland har det vore, og er det framleis, krevjande å fortelja om og dvela ved historier om dei nazistiske gjerningsmennene. Aleida Assmann har arbeida mykje med forsking på tysk minnekultur, og ho les boka til Timm som uttrykk for ein tvang fleire etterkommarar etter nazistar kjenner på. Der tidlegare generasjonar sitt forhold til krigen var prega av fortrenging, løgner og valt ukunne om brotsverka, kjenner etterkommarane på eit ansvar for å grava i fortida. Sakte fyller dei ut dei blinde flekkane.

Dei siste orda broren skreiv, var eit brev til mora frå feltsjukehuset ei veke før han døydde. Bokstavane er overdimensjonerte og skakke; Timm meiner han sannsynlegvis har skribla dei ned i morfinrus. Broren fortel at han har blitt hardt skada, og at han nå har fått amputert begge beina. Han roar mora ved å fortelja at han snart skal få protesar, og då kan han springa akkurat som før. Dessutan er krigen nå ferdig for han, og så snart han blir betre skal han få reisa heim for godt. Til slutt ber han mora om å ikkje fortelja lillebroren om protesane når han kjem heim igjen, for då vil litlebroren tenka at han alltid har hatt dei. Litlebroren er jo trass alt så liten at han ikkje har noko minne om broren med heile bein, og korfor skal ein bry han med vonde saker ein ikkje vil snakka om?

 

Om forfatter:

Idunn Viktoria Rostøl: (*1997), masterstudent i Europeisk kultur UiO.