Tekst av Lars Øvergaard Illustrasjon av Vikthor Thorud
Den Europeiske Union snakkar i desse dagar om å fjerne sanksjonane dei i fleire grufulle år har velsigna det syriske folket med. Dei har nemleg nådd sitt mål, og har lagt Den Arabiske Republikken Syria i grus. Republikkens fall blir feira av mang ein syrar, grunna brutaliteten til regimet. Samtidig feirar EU, USA og Israel ein solid siger i deira langsiktige plan for å sikre kontroll over regionen.
Sidan republikkens fall har Israel bomba Syria i hundrevis av luftangrep. Israel går inn for ei systematisk øydelegging av landets militærkapasitet, noko dei lenge har drøymt om. Den nye syriske staten vil være utan makt til å handheve nokon reell sjølvråderett over eiget territorium. Israel har au invadert landet militært, og okkuperer i skrivande stund Syrias høgaste punkt, fjellet Hermon. Herifrå kan det israelske militæret bombardere Damaskus med artilleri. Heile 500 nye kvadratkilometer med syrisk jord er okkupert av Israel. Det er meir enn ti gangar arealet til Gazastripa.
USA har au bomba Syria i kjølevatnet av republikkens fall. Joe Biden har gått ut og sagt at dei vil «forsvare sitt personell mot ein kvar trugsel». Personellet det her er snakk om har militært okkupert dei viktigaste oljeregionane i Syria i mange år. Dei tok over store delar av austlege Syria allereie under Obamaperioden, og Trump skrøyt i eit intervju nokre år seinare, under hans førre presidentperiode, om at han hadde «teke olja» frå det syriske folk.
Dette folkerettsstridige ranet har vore del av ein systematisk plan for å øydelegge Syria. Ei brutal økonomisk krigføring mot landet har gått hand i hand med økonomisk og militær støtte til opprørsgruppene som tok opp kampen mot Assad. At USA støtter ytterleggåande grupper som Al-Nusra-fronten kjem ikkje som noko sjokk på dei av oss som hugsar støtta som blei gitt til Taliban i kampen mot Den Demokratiske Republikken Afghanistan.
Både Netanyahu og Biden har teke på seg æra for republikkens fall. Fyrstnemnte feirar denne «historiske dagen» og hevdar den ber med seg «store mogleikar». Vidare seier han at fallet «er ein direkte konsekvens av våre kraftfulle handlingar». Såleis er det ikkje nokon konspirasjon å hevde at både USA og Israel har vært med på å styrte republikken, og såleis ser seg tent med situasjonen som han no utfoldar seg.
Den Arabiske Republikken Syria har vært ein sentral del av motstandsaksen, og hans kamp mot sionismens koloniale prosjekt i regionen. At republikken no står for fall, tyder at motstandsrørsla i Palestina og Libanon blir isolert frå sine allierte i aust, spesielt Den Islamske Republikken Iran. Dette svekker palestinsk motstandskamp og trygger Israel, og gjer sionistane all grunn til å feire.
21. desember blei Assad Hassan al-Shibani erklært ny utanriksminister i Syria. Han har tidlegare vore med på å grunnlegge den syriske greina av al-Qaeda. 26. desember blei Anas Hassan Khatteb sjef for den syriske etterretningstenesta. Han har au bakgrunn frå al-Qaeda, og var ein av grunnleggarane av al-Nusra fronten. Dei siste dagane har mange av oss sett videoane av den nye justisministeren i Syria, Shadi al-Waisi, som avrettar kvinner i offentlegheit for å ha vært utru sine ektemenn. Desse utnemningane seier noko om den ideologiske posisjonen til den nye overgangsregjeringa, og bør uroe alle oss som ønskjer å sjå eit demokratisk Syria i blom. Uroande er det au at Ahmad al-Sharaa, leiar for Hayat Tahrir al-Sham, har sagt at det kan kome til å gå fire år før dei får organisert eit demokratisk val i landet.
Narrativet om Syrias frigjering er i beste fall naivt og mangelfullt. I verste fall støttar det opp under Israel og USAs dystre ambisjonar for regionen. Vi kan ikkje lenger unne oss slik ein fatal naivitet, og må saman skule oss i ei antiimperialistisk forståing av det geopolitiske spelet som styrar verda. Så lenge amerikansk imperialisme og det sionistiske kolonialprosjektet får helde fast på sitt blodige jerngrep over regionen, vil korkje fridom, fred eller rettferd kunne leve blant oss.