Artikler

Ironi og kulturelle fellesskap

Tekst: Jo Marvik | Foto: Cinemateket/NFI 

Tidlegare i år henta filmsenteret og kinosalen Cinemateket opp att filmen «Dis» frå 1995, laga av den ekshibisjonistiske frontsidefiguren me alle kjenner som  Aune Sand. Filmen blei unisont slakta og fleire kinoar nekta å sette opp filmen på bakgrunn av den manglande kvaliteten, visstnok. Kritikar Harald Kolstad i Dagsavisen nekta å trilla terning til filmen, og følte seg nøydt til å sprenge terningen og gi filmen «0». «Denne naivt pseudo-litterære teksten når himalayiske høyder av pueril pretensjon og dumhet», skreiv Kolstad om fortellerstemmen i filmen. Til trass for det har filmen oppnådd kultstatus og ein tydeleg følgarskare, og det blir truleg ikkje siste gongen Cinemateket vel å sette han på lerretet. «Filmens undefundige og til tider klisjéfykte replikker har levd sine egne liv», skreiv dei om filmen. Korleis skal ein forstå denne glorifiseringa av det teatralsk elendige?

Lagdeling og estetikk
Innanfor sosiologiske studiar av estetikk og smak, er ein blant anna interessert i korleis eller kva grad klasseforskjellar har innverknad på kulturelt konsum, altså på kva slags kulturell smak ein har. Og jau, eg veit: å konsumere kulturelle produkt som om dei var ein Mcdonalds-burgar høyrest enormt nedgraderande ut, men dei om det. Den kanoniske sosiologen Pierre Bourdieu er gjerne mest kjent for å påvise samanhengen mellom klasse og smak, for å vise at klasse- eller lagdelinga har ein tilhøyrande smakstruktur som samanfell med kvarandre. Med omgrepet habitus er blant anna poenget til Bourdieu at me gjennom lagdelinga blir strukturert inn i ulike estetiske preferanser, som er vanskeleg å bryte ut av.

Bourdieu opererer som kjent med spesielt to former for kapital, den økonomiske og den kulturelle. Dei to heng saman med kvarandre og Bourdieu, inspirert av Marx, ser korleis kulturell kapital fungerer som viktige symbolske verktøy for den dominerande klassen i å oppretthalde posisjonen sin og den sosiale orden. «Don Quijote-effekten» er eit fenomen som skjer i dette landskapet når ein person har klatra fort i klassehierarkiet utan å opparbeida seg dei kulturelle ressursane, eller den estetiske smaken, som følger med. Personen sit gjerne framleis med den «vulgære» smaken som vurdere produkt ut frå nytteverdi, og ikkje den distingverte og borgarlege smaken som vurderer dei ut frå estetiske kriterium. Det blir ein brest mellom den sjølvopplevde statusen og truverdet til individet. For Bourdieu er ein aksept av den dominerande borgarlege smaken ikkje mindre enn ein «symbolsk vald» mot den dominerte klassen med ein lågarestilt smaksform.

Mange har latt seg inspirere av studien til Bourdieu og debatten i etterkant har vore prega av repeterande statistiske analysar kor mange ser ein svekking av kulturelle klasseforskjeller målt opp mot det som kom fram i Bourdieus analyser frå Frankrike på 1960-talet. Fleire peiker på at eit nytt type kulturkonsum har har oppstått, eit som ikkje så lett lar seg bli analysert ut frå modellen til Bourdieu. Bak står den hungrige kulturelle altetaren, eit smakskompleks som vel både frå øvste og lågaste hylle. Dette markerer ei historisk endring som mange meiner gjer Bourdieus analye utdatert.  

Frå kva til korleis
For å analysere dette altetande kulturkonsumet og fleirfasetterte smakskomplekset, må ein ty til heilt andre middel. Den norske sosiologen Vegard Jarness har vunne gehør for metoden hans som sikter på å gå «From ’what’ to ’how’ in cultural stratification research»[i]. Det inneber å ikkje berre undersøke kva folk av ulike lag faktisk har av estetisk smak og liker å konsumere, men også – jau du skjønte det – korleis dei konsumerer dei. Jarness evnar å peike ut fire forskjellige måtar å konsumere kulturelle produkt og å faktisk få dei til å vise samsvar med ein bourdieusk klassemodell, kor mengda med økonomisk og kulturell kapital er det avgjerande for kva type form for konsum ein nyttar seg av. Her finst det blant den kulturelle eliten eit intellektuelt konsum som, i kantiansk språk, handsamer kunst som ein ende i seg sjølv – kunst for kunstens skyld. Blant den økonomiske eliten finst eit luksuriøst konsum som skil seg ut ved å vere hedonistisk – i å bade i luksus. Den kulturelle underklassen har ein pedagogisk innstilling, dei ønsker å lære av den kulturelle overklassen, medan den økonomiske underklassen er strukturert inn i ei heilt praktisk form for konsum som lengtar etter den augeblikkelige underhaldninga og nytteverdien. Dei priser visuelle effektar og ser produkt ut får funksjonen dei har. Jarness har begeistra meir kvalitativt retta sosiologar ved å vise kor viktig det er å dykke djupare i resepsjonen og det kvalitative og å vise at sjølv om folk liker dei same tinga, så gjer dei det på ulike måtar. Ikkje alle som liker dei same tinga har nødvendigvis identisk estetisk smak.

Ironisk sensibilitet
Tilbake til innleiinga; kva slags estetisk smak har dei som tar tid ut av kvardagen for å sjå den angiveleg pretensiøse feiltakinga av ein film, Dis, ein kveld på Cinemateket? Korleis konsumerer dei denne filmen? Kanskje ein best kan skildra denne estetiske dragnaden som ironisk. Ein liknande ironisk holdning til kultur blei gjerne først og best skildra med det den amerikanske kulturkritikaren Susan Sontag på 1970-talet forbann med omgrepet camp[ii]. Camp er eit estetisk syn eller ein sensibilitet som startar å verdsette kulturelle produkt som underhaldande, fascinerande og morosame på bakgrunn av å vere teatralsk dårlege. Camp er gjerne tilknytt til det pranga og det overdramatiske, og er ein uforskamma verdsetting av det som er kitsch.

Klede kan vere eit anna godt døme på ein ironisk sensibilitet. Som forbrukarar nyttar me blant anna stiluttrykk og klede for å signalisere personligdomstrekk, identitetar og meldingar som konvensjonelt sett er knytt til produktet. Som alle veit, klarar ein ofte lett å sjå på ein person om ho eller han sikter på å signalisere seg sjølv som finanselite, ein intellektuell, rockemusikar eller berre er ein heilt streit og litt harry far i 50-åra. Ironisk konsum er ein form for uttrykk kor ein nyttar eit produkt ved å reversere den konvensjonelle meininga som er knytt til produktet. Camp og ironisk konsum kan forklare kvifor Felleskjøpet-kapsar og «raske briller» plutseleg blei ein utprega trend på nattklubbar og blant Oslos hipstermiljø. Den konvensjonelle konnotasjonen og meininga bak produktet hadde blitt reversert.

Eg mistenker at den ironiske følgerskaren til Dis kan kjenne på eit tett band til kvarandre. Effekten av ironi og tilhøyrande ironisk sensibilitet er ofte tydelegare grenser mellom dei som er innforståtte med ironien, og dei som ikkje er det. Dette kan skapa eit skarpare skiljet mellom generasjonar, klasse og geografi , mellom innside og utside, og fører ofte med seg eit tettare band til dei som er «inne» og innforståtte. Sjølv om ironigenerasjonen i dag er vaksne og ironien blir rekna for å vere på veg ut, er det framleis mogleg å sjå innverknaden ironi har på kulturkonsum, smak og kulturelle fellesskap.

 

[i] Jarness, Vegard (2015), ”Modes of consumption: From ’what’ to ’how’ in cultural stratification research.” Poetics 53, 65-79

[ii] Sontag, Susan (1964), ”Notes on ’Camp,’” https://monoskop.org/images/5/59/Sontag_Susan_1964_Notes_on_Camp.pdf