2023 - Artikler - Konkurranse - Tema

Den siste skal verta den første

Skribent: Siri Bjorstad Hjermann

Illustratør: Helene Winge Einbu

Det var eit løp eg aldri var meint å vinna. Eg var ikkje omreisande i motbakkeløp, som mange av dei andre. Dessutan var eg ikkje godt nok førebudd, hadde verken sumd nok i Hardangerfjorden, sykla nok i motbakke eller sprunge nok i ulendt terreng til å kunna vinna. Eit innfall av vågemot gjorde likevel at eg utfordra mannen min ein månad tidlegare, og det kjendest som ein bragd då me melde oss på. Av alle ting og stader skulle eg delta på mini-triatlon, i heimbygda som eg forlèt for lenge sidan. Framleis ser eg føre meg dei engasjerte smådøtrene våre som saman med tante B. vaia energisk med flagg og heiarop øvst i sykkelbakken.

 

Dei siste metrane før målstreken var seigare enn den lange motbakken. Letta, kvalm og glad snubla eg over målstreken, medan tidtakaren kunngjorde tida mi med høg stemme. Eg vart forfjamsa, kunne knapt forstå at eg hadde fullført innafor målsetjinga! På under ein time hadde eg sumd 250 meter i iskald Hardangerfjord, sykla 3 km opp til 266 moh, og så sprunge 2 km rundt Fitjadalsvatnet. Eg hadde gitt alt eg hadde av krefter og var endeleg i mål, på under 60 minutt! Folk rundt meg jubla, fjella rundt meg jubla og småjentene mine sprang meg jublande i mot. Ein sambygding rekte meg ei øl eg knapt klarte ta imot før eg segna om. Men eg hadde klart det, eg var ei av dei titals hardføre menn og kvinner som hadde fullført lokaltriatlonen Lurkalarm, og det på under timen!

 

Men noko skurra. Kva var det tidtakaren hadde ropt, så tydeleg at det bar gjennom lyden av snøsmelteelva, heiarop og min eigen febrilske pust? Han hadde då ropt «femti»-eit-eller-anna? Ettersom pulsen min roa seg dukka tida opp som eit ekko i hovudet mitt. «59.80!» Eg har aldri vore god i matematikk, men eg forstod kva som hadde skjedd. Ingenting skurra lenger. Smilande og snill hadde tidtakaren forbarma seg over meg då eg passerte målstreken. Omrekna til rett tid var eg komen i mål på 60.20. Sjølv i ørska skjøna eg at dette var 20 sekund over ein heil time. Det sokk i meg eit lite sekund, før eg igjen jubla. Sjølv om eg ikkje klarte det på under ein time hadde eg fullført, og eg var trass alt småbarnsmamma og bedageleg hobbymosjonist.

 

Alle unntatt eg visste at eg var den siste i mål. Eg hadde kome bra ut av symjeheatet, og var av dei første på land. Men så sette eg meg på bakken og tørka meg konsentrert mellom tærne, utan å merka at alle andre kasta seg rett på syklane og tråkka i veg. Mot slutten av den første bratte bakken stod storesøster M. og heia. Ho jubla eit smilande «Hurra for deg!» då eg ropte «Eg er iallfall ikkje sist!» Eg sykla vidare, klamra meg adrenalinfylt til styret i motbakken utan å vita at dei fleste deltakarane alt låg framom meg. Det vart det snart slutt på. Gutungen med beina på asfalten og tårer som fall ned på startnummeret fekk verken trøyst eller hjelp av meg, som berre kjende på gleda ved å passera nokon.

 

Men så, då eg kasta sykkelen for å springa rundt vatnet, hendte det noko uventa. Eg mista rett og slett pusten, ikkje av mangel på oksygen, men av ein overdose naturinntrykk. Då konkurransen starta var eg full av adrenalin. Eg stod på stranda og skalv av spenning, og den kalde symjeturen var nervepirrande. Syklinga etterpå var intens og motbakken tok alt eg hadde av fokus og krefter. Men på denne tredje og siste etappen langs vatnet, vart naturen sjølv ein konkurrent til konkurransen, som eg tidvis gløymte eg var med i. Eg opna hjartet og slapp naturen inn.

 

Over toppane på eldgamal skog av høge grantre dirra Folgefonna kvit i varmen mellom blånar av fjord og himmel. Tidvis måtte eg gå baklengs, fordi augo ville ha meir. Under brua klukka bekken med symfonisk brus. Skulle eg høyra skikkeleg måtte eg roa tempoet, for ein høyrer betre gåande enn springande. Å ha høg fart langs vatnet var òg vanskeleg, det forstod eg då eg tryna andre gongen. Det er vanskeleg å føta seg når ein vert fjetra av Folgefonna bak seg, av Torefjell som ruvar over ein, av det frodige spegelbiletet i stille vatn like ved, der fiskane vakar, av stemninga mellom trea i skogen, av kyrne som står stoiske i varmen, av luktene i lufta.

 

Visst syntest eg det var rart at ingen stod der på sisteetappen og heia, men mest av alt var eg letta. Då slapp eg å bli sett på, og kunne heller konsentrera meg om naturen rundt meg. I ettertid forstod eg kvifor eg var einaste mennesket langs vatnet. Heiagjengen hadde gått til målområdet då dei trudde at sistemann var passert. Der stod dei alle og tok meg i mot, ei god stund seinare. Sjølv om eg var sist i mål var det ikkje noko nederlag. Eg hugsa framleis Bibelsitatet frå mi kristne ungdomstid, om at den siste skal verta den første. Naturen blei ikkje berre min største konkurrent, men òg min største gevinst.

 

Siri Bjorstad Hjermann (f.1967) har studert filologiske fag på UiO og UiB.  Utviklar seg no som skribent, bla. på Forfatterskolen.