2024 - Moral

Det held no

Ein stad inne i kroppen, eller inne i hovudet, er der noko som ønskjer fred. Som veit at stemmene ikkje stemmer, men som ikkje får stemt dei. 

Skrevet av Emilie Hansen

Armane ligg slapt over doringen i eit forsøk på å halde kroppen oppe. Kanskje hovudet skal legge seg ned på doringen også? Nei, det vert for ekkelt. Nok at henda er der. Æsj. Kroppen lenar seg nærmare doen, slik augene ser ned mot vatnet. Magen er uroleg. Ventar. Nei, ikkje noko no heller. Faen. Burde ikkje ha drukke så mykje. 

Burde ha lagt seg tidlegare. Ikkje ha sagt det som vart sagt. Ikkje ha flira då. Ha gått bort derifrå. Ikkje ha kyssa henne den gongen. Ikkje ha flørta med han den kvelden. Ikkje ha ete kebab som ein eigentleg ikkje har råd til. Som ein eigentleg ikkje vil ha.

Henda er lei av doringen, og hjelp resten av kroppen ned mot baderomsgulvet. Varmekablane som elles er deilige, er no ekle. Gulvet burde ha vore kaldt mot den varme kroppen. Augene ser opp i taket. Prøvar å fokusere på eit bestemt punkt, medan kroppen flyt med bølgene.

Kvifor gjer ein som ein gjer? Kvifor gjer ein ikkje meir? Kvifor utsetter ein seg sjølv for slike bølgjer som det her?

Burde ha vendt det andre kinnet til. Burde ha vore meir snill. Unngått nokre kranglar, og svelgt nokre kamelar. Hundar, kattar og elefantar. Ikkje ha brydd seg så mykje. Brydd seg meir. Sagt oftare det som vart tenkt, og sjeldnare det som vart sagt. 

Augene beveger seg mot eit lite hjul på veggen der ein kan justere temperaturen. Kan henda rekke det? Venstrehanda reiser seg sakte frå flisene. Fingrane strekker seg, men rekk ikkje opp. Handa gjev opp, og legg seg over augene som er leie av å vere våkne.

Burde ha visst betre enn som så. Vite meir, ha betre rå. Bruke mindre tid på mobil, serier og film. Bruke meir tid på å lære og vere til. Trene meir. Vere betre. Gjere meir. Faen. Vere mindre.

Illustrasjon: Sara Nørbech

Korleis kan ein leve i alle versjonar av kropp og hovud utan sure tonar?

Ein stad inne i kroppen, eller inne i hovudet, er der noko som ønskjer fred. Som veit at stemmene ikkje stemmer, men som ikkje får stemt dei. Dei er stygge å høyre på. Korleis kan ein leve i alle versjonar av kropp og hovud utan sure tonar? 

Magen er sliten av hovudet. Den orkar ikkje å halde på lenger. Vrenger seg slik kroppen må sette seg opp. Henda hjelp kroppen. Støtter seg til dei varme flisene, før dei tek tak i doringen igjen. 

Dei høge lydane, som velt opp frå halsen, stilnar stemmene, til det ikkje kjem meir lyd ut munnen ned i doskåla. Henda tek tak i dopapir, tørkar munnen og nasa. Kastar papiret og trykker på knappen, slik all lyd blir spylt vekk.

Henda vaskar seg i kaldt vatn, før dei bringer det kalde vatnet til ansiktet. Augene møter andre auger i spegelen. Raude auger. Munnen opnar seg:

  • Det held no. Lat oss sove.

Emilie Hansen, født 1999, studerer allmenn litteraturvitenskap ved Universitetet i Oslo.