Artikler - Kultur

Den gløymde eksistensialisten

Tekst: Magnus Bernhardsen | Ill: Kristian Santos Utrimark

Som del av pensum i faghistoria til nordisk litteratur ved UiO, NOR4430, las eg historia om korleis den fyrste professoren i nordisk litteratur, Cathrinus Bang, vart tilsett.

Det var spanande lesnad i seg sjølv, men det at han var tilsett i 40 år utan å publisera noko som helst var endå meir interessant. Korleis kunne det gå an? Finst det nokon verdsrekord for slikt? Eg søkte på Google for å sjå korleis Bang vart omtalt andre stader, og der fell augo mine på eit treff frå marxists.org – Marxists Internet Archive. I ei politisk ordbok på portugisisk hadde dei teke med Cathrinus Bang som oppslagsord. «Historiador norueguês da literatura escandinava; professor em Cristiana.», og eit portrettbilete (Marxists Internet Archive, N/A). Men kvifor ville den portugisiske delen av eit marxistisk internettarkiv trengja eit oppslag om han? Oppslaget viser tilbake til den portugisiske utgåva av Familiens, privateiendommens og statens opprinnelse av Friedrich Engels. Der står det, på norsk:

«Enda mer avgjørende, fordi det er omkring 800 år seinere, er et sted i det gammelnordiske kvadet om Ragnarok og verdens undergang, Voluspá. I dette «Seerskens syn», hvor det som Bang og Bugge nå har påvist, også er vevd inn kristelige elementer, heter det i skildringen av den tiden da allmenn utarting og forfall innleder den store katastrofen:

Broedhr munu berjask           Brødrar kvarandre

munu systrungar                     banesår gjev,

ok at bönum verdask,              systrungar dei

sifjum spilla.                              skyldskap spiller (Mortensson-Egnund, 1944)

Dette er ganske oppsiktsvekkjande. Korleis kan Friedrich Engels visa til noko Cathrinus Bang meiner om Voluspá? Eg søkte etter «Cathrinus Bang» i dei andre utgåvene av Familiens… som låg på MIA, og jammen dukka han ikkje også opp i den estiske omsetjinga (Engels, 1958)! Eg plukka fram den norske utgåva frå Ny Dag i 1970 frå bokhylla, og der skriv dei «Bang, K. D. – (1822–1898), norsk litteraturhistoriker» (Engels, 1970) .

Kan Engels ha vore på ei førelesing med Cathrinus Bang då han vitja Noreg? Har han lese nokre førelesingsnotat? Eg var i gang med å tenkja ut kva for ei fantastisk historie dette var: Cathrinus Bang er gjort kjent for eit verdspublikum i det som må vera ei av dei mest lesne bøker om antropologi gjennom tidene. Men så slo det meg, kva står det eigentleg om «Bang og Bugge» på tysk, engelsk eller russisk? Og ideen min fell pladask til jorda. Det er sjølvsagt ikkje Cathrinus, eller «K. D.», Bang som har skrive om Voluspá, men Anton Christian Bang.

Anton Christian Bang var professor i kyrkjehistorie, kyrkjestatsråd for Høgre og biskop i Kristiania. Han var den fyrste som omsette joleevangeliet til landsmål, og det var prestegarden hans Aasmund Olav Vinje døydde på. Og han skreiv i 1879 Völuspaa og de Sibyllinske Orakler (Thorkildsen, 2009). Det er festleg nok at ein høgrestatsråd og biskop er med i eit verk av Engels, men ikkje like spektakulært som om det var Cathrinus.

Eg tenkte ikkje så mykje meir på dette før Cathrinus Bang plutseleg dukka opp igjen – denne gong i Wikipedia-artikkelen om eksistensialisme. I drøftinga av opphavet til omgrepet står det:

Den andre begrunnelsen kommer fra den norske idéhistorikeren Rune Slagstad. Han mener å dokumentere at Kierkegaard selv sa at termen «eksistensiell» var lånt fra Welhaven, fordi han en gang skal ha uttalt «Hegelianerne ikke studere[de] Philosophien existentielt, for at jeg skal bruge et udtryk af Welhaven, da jeg engang talte med ham om Philosophien». På den annen side har den norske historikeren Anne-Lise Seip forsøkt dempet denne påstanden med grunnlag i hennes overbevisning om at uttalelsen i virkeligheten stammer fra den norske litteraturhistorikeren Cathrinus Bang (Wikipedia, 2016).

Sjå her! Det ville vore noko, det, at Cathrinus Bang hadde gjeve oss omgrepet «eksistensialisme»! Wikipedia har ei noko upresis kjeldetilvising her: Seip, 2007, s. 352. Det er nemleg ikkje nemnt nokon stad kva verk Seip har skrive dette i, berre årstalet er med. Om vi fylgjer ei anna kjelde kjem vi til artikkelen Welhaven og psykologien: Del 2. Welhaven peker fremover av Hroar Klempe i Tidsskrift for norsk psykologforening Vol 45, nummer 10, 2008, side 1298-1304. Her står det igjen:

«Seip toner imidlertid denne forbindelsen litt mer ned og mener det er Cathrinus Bang som kom med denne uttalelsen (Seip, 2007, s. 352).» (Klempe, 2008)

Og i litteraturlista finn vi Seip, A.-L. (2007). Demringstid. Johan Sebastian Welhaven og nasjonen. Til biblioteket! Eg låner Demringstid, og slår spent opp på side 352. Nada. Cathrinus Bang er ikkje nemnt i det heile teke på side 352. Ikkje på sidene før og etter, heller. Cathrinus Bang er berre omtalt i samband med tilsetjingssaka si (Seip, 2007).

Kva i alle dagar som er bakgrunnen for å skriva at Bang er mannen som skapte omgrepet eksistensialisme veit eg ikkje. Det er i alle fall ikkje boka til Anne-Lise Seip. No har denne historia gått frå eit norsk psykologitidsskrift til engelsk Wikipedia, og derifrå til alle moglege artiklar og bøker.

Mine forsøk på å finna ein plass til Cathrinus Bang ute i den vide verda er framleis like resultatlause, diverre.

2014-00-argument-byline-logo-small

Magnus Bernhardsen er fødd 1976, masterstudent nordisk litteratur, skriv oppgåve om skogfinnane i norsk litteratur. Snakkar oslodialekt, skriv nynorsk, bur i Moss.

 

Bibliografi

Engels, F. (1958). Perekonna, eraomanduse ja riigi tekkimine. Tallinn: Eesti Riiklil Kirjastus.

Engels, F. (1970). Familiens, privateiendommens og statens opprinnelse (2. utg.). (H. Holm, Overs.) Oslo: Ny Dag.

Klempe, H. (2008, oktober). Welhaven og psykologien: Del 2. Welhaven peker fremover. Tidsskrift for norsk psykologiforening, 45(10), ss. 1298-1304.

Marxists Internet Archive. (N/A). Dicionário politico. Hentet fra Marxists Internet Archive: https://www.marxists.org/portugues/dicionario/verbetes/b/bang_cathrinus.htm

Mortensson-Egnund, I. (1944). Edda-kvæde : norrøne fornsongar (3. utg.). Oslo: Det norske samlaget.

Seip, A.-L. (2007). Demringstid. Oslo: Aschehoug.

Thorkildsen, D. (2009, februar 13). Anton Christian Bang. I Norsk biografisk leksikon. Hentet juni 29, 2017 fra Store norske leksikon: https://nbl.snl.no/Anton_Christian_Bang

Wikipedia. (2016, juni 29). Eksistensialisme. Hentet juni 29, 2017 fra Wikipedia: https://no.wikipedia.org/wiki/Eksistensialisme