Er norske forbrukere medansvarlige for avskogingen i Brasil? Naturvitenskapskribent Borgar Aamaas intervjuet CICERO-stipendiat Jonas Karstensen om sammenhengen mellom internasjonal handel og raseringen av regnskogen.
Handel bidrar til avskoging
Av Borgar Aamaas
Internasjonal handel av biffkjøt og soyabønner fører til avskoging i Brasil. Avskoging betyr tap av skog, som i dette tilfelle betyr hogst i Amazonas. Som regel står menneskeleg aktivitet bak avskoginga, der landområda kan brukast til jordbruk og andre formål. Ny kunnskap visar at 30 prosent av CO2-utsleppa frå avskoging i Brasil det siste tiåret skuldast handel. Jonas Karstensen, stipendiat i klimavitskap ved CICERO Senter for klimaforskning, har etter fleire års arbeid funne denne matematiske samanhengen mellom avskoging i Brasil og internasjonal handel.
-Studien vår viser at ein stadig større del av CO2-utsleppa frå avskoginga skuldast eksport til industrialiserte land og framvaksande økonomiar. I det siste tiåret sto biffkjøt for 71 prosent og soyabønner for 29 prosent av utslepp.
Mat og avskoging
Det siste tiåret har avskoginga i Brasil blitt meir enn halvert grunna streng politisk handheving. To satellittar følgjer med frå lufta. Samtidig har biff produsert frå ulovlege nybrot blitt nekta selt. Kan veksten i eksporten føre til at trenden snur att?
– Ein stadig aukande etterspurnad etter biff og soya vil naturlegvis setje press for å lage nye landbruksområde. Sidan 1960 har produktiviteten per åkerlapp auka kraftig, der mesteparten av potensialet no er tatt ut. Difor er det lite truleg at den positive trenden med avtakande avskoging vil fortsetje utan kraftige tiltak.
Historisk har mesteparten av matproduksjonen i Brasil gått til innanlandsk konsum. Framleis kjem omtrent 80 prosent av biffkjøtet brasilianske magar til gode, mens over halvparten av soyaen blir no eksportert. [pullquote]Den norske staten pumpar inn store midlar til vern av regnskog samtidig som norske forbrukarar medverkar til avskoginga gjennom sine matvaner.[/pullquote]Denne eksporten av biff og soya er knytt til CO2-utslepp som svarar til omtrent det tidobbelte av dei samla norske innanlandske CO2-utsleppa. Kva for land er det som importerer desse varene?
-I 1990 var det USA og Storbritannia som importerte mest biffkjøt. I dag er faktisk Russland størst. Kina er største importør av soya, med ein raskt veksande appetitt for stadig meir.
Noreg gir og tar
Denne importen står i kontrast til tiltak for å redusere avskoging. Det mest kjente initiativet er REDD+ (Reducing Emissions from Deforestastions and forest Degradation), der Noreg er tungt involvert. Vern av regnskog er eit enkelt tiltak for å redusere CO2-utsleppa, samstundes som verdifulle økosystem vert berga. Store økonomiske bidrag frå den norske staten til vern av regnskog ligg høgt oppe på skrytelista til norske politikarar. Faktisk fører dette bidraget til at det relativt velståande landet Brasil er den største mottakar av norsk bistand.
-Det var denne konflikten mellom REDD+ og press på regnskogen som eg synast har vore mest interessant i denne studien. Ikkje mange er klar over at den norske staten pumpar inn store midlar til vern av regnskog samtidig som norske forbrukarar medverkar til avskoginga gjennom sine matvaner.
Aftenposten skreiv i mars at norsk landbruk var avhengig av ein båtlast med soya i månaden. Soyaen bidrar med nødvendig protein til kraftforet. Andre proteinkjelder er langt dyrare. Dermed medverkar norsk kjøtproduksjon òg til brasiliansk avskoging. Soya kan òg vere ein viktig proteinkjelde for vegetarianarar. Bidrar norske vegetarianarar til avskoging i Brasil?
-Om dei et soya produsert frå avskoga område i Brasil, så er dei ein av mange konsumentar som bidrar med sitt.
Avskoging no, utslepp seinare
Avskoging fører ikkje berre til utslepp når skogen vart høgd eller brent ned, men over mange år.
-Ein god del CO2 blir frigitt ved brenning av skogen, men faktisk hovudmengda av utsleppa kjem i åra etterpå. Ein gradvis rotning av etterlatt biomasse vil gi utslepp over tid. Samstundes kan CO2 òg bli frigitt av jordsmonnet.
[pullquote align=»right»]Ein stadig større del av CO2-utsleppa frå avskoginga skuldast eksport til industrialiserte land og framvaksande økonomiar.[/pullquote]
Altså vil ein fullstendig stopp i avskoging i dag ikkje føre til ein stopp i CO2-utsleppa. Utsleppa vil gå ned, men det vil ta mange år før utsleppa stoppar heilt opp. Sidan 2004 har Karstensen sett ein stor reduksjon i avskoging, men utslepp grunna rotning av tidlegare avskoga skog før den tid gjer at utsleppa i dag framleis er store.
Ein jungel av tal
Studien byggjer på store økonomiske datasett over verdshandelen. Når ulike datasett blir satt opp imot kvarandre, så vert nye samanhengar tydelege. I dag er det vanleg at produsentane, ikkje konsumentane, står ansvarlege for utsleppa. Dermed vil norsk biffkjøt vere ein del av det norske CO2-reknskapet, mens det er Brasil som står ansvarleg for brasiliansk kjøt. I denne nye studien er det konsumentane av varene som er ansvarlege for utsleppa. Denne alternative rekneskapsføringa gjev oss nye samanhengar, til dømes at konsum i rike land fører til stadig større utslepp i framvaksande økonomiar med stor vareproduksjon. Men dei matematiske samanhengane funne i denne studien seier aldri kva som er årsaka bak.
-Vi ser ein klar samanheng mellom avskoging og handel av biff og soya. Dessverre seier den matematiske analysen ingenting om kva som styrer kva, altså kva som er den styrande faktoren. Likevel meiner vi at konteksten rundt viser at det er etterspurnaden etter biff og soya som fører til avskoging, ikkje motsett.
Etter at denne studien vart publisert vil Karstensen bruke dei same databasane til å sjå på utslepp frå alle sektorar på global skala. Spørsmålet blir då kva for utslepp og temperaturendringar forbrukarar er skuldige i. Norsk konsum fører ikkje berre til avskoging i Brasil, men òg indirekte til mange andre miljøproblem.
Om skribenten: Borgar Aamaas (f. 1984) har ein mastergrad i meteorologi frå Universitetet i Oslo (UiO) og er i dag forskar på CICERO Senter for klimaforskning.