Samfunn

Fra massemordarer til supreme gentlemen

Tekst: Annvor Seim Vestrheim
Foto: Jae C Hong // AP

I april 2018 køyrde kanadiske Alek Minassian ein varebil inn i ei folkemengd i sentrum av Toronto. Målet hans var å ta livet av så mange kvinner som mogleg. Ti personar mista livet og 16 vart alvorleg skadde. Rett før handlinga publiserte Minassian ei kryptisk statusoppdatering på Facebook, med referansar til «The incel rebellion» og «Supreme Gentleman Elliot Rodger». Sistnemnde er drapsmannen som for alvor sette incelrørsla på kartet då han tok livet av seks personar i Santa Barbara i California i 2014, og la ut ein video kor han forklara hemnprosjektet sitt om å slakte «every stuck up blonde slut» grunna manglande merksemd frå kvinner. Etter dette har incels vore eit heitt tema i media, og fleire forskarar, journalistar og forfattarar har freista forklare korleis unge menn som Rodger og Minassian enda opp som kaldblodige drapsmenn.

Ufrivillige single
Ordet incels er ei forkorting av «involuntary celibates», ufrivillige single på norsk. Incels er eit nettsamfunn, hovudsakleg sett saman av unge heterofile menn frå heile verda, foreina rundt ideen om at dei lever i ufrivillig sølibat fordi kvinner urettmessig har teke frå dei moglegheita til sex eller kjærleik. Dette ser dei på som ein ugunstig livstilstand som dei kallar «inceldom». I følgje Angela Nagle, forfattaren av Kill All Normies (2017), vert Incels difor ofte omtala både som ein subkultur på nettet og ein identitet. 

På det beste kan det verke som incels berre er ei online sjølvhjelpsgruppe kor menn gjev kvarandre råd seg i mellom. Dei diskuterer mellom anna datingtips og korleis best mogleg leve ut sin «inceldom», i tillegg til at dei støttar kvarandre gjennom ein einsam kvardag. På det verste dreier diskusjonane deira seg derimot over på meir alarmerande tema, gjennomsyra av kvinnehat: burde kvinner behandlast som menneske og ha rettar? Vil innføring av tvangsprostitusjon av jenter i tenåra føre til færre skuleskytingar? Burde valdtekt vere lovleg? Mest skremmande av alt er det at enkelte vel å setje til live desse ideane utanfor Internett, og at dei let seg inspirere av kvarandre.

Incels skapar ei verdsforståing dei meiner er fundert i naturvitskaplege
forklaringsmodellar som evolusjonsteori, kor kategoriane er fastsette og uforanderlege fordi dei er ankra i sjølve vitskapen.

Mange har fokusert på psyken til drapsmennene i staden for å fokusere på ideologien bak, slik ein ofte også gjer i samanheng med høgreekstremistiske terroristar (tenk Brenton Tarrant og ABB). Dokumentarar og artiklar har teke for seg incelenkeltindividet, intervjua nær familie, vener, klassekameratar og andre tidlegare incels. Tema som går att er ulukkeleg barndom, einsemd, mobbing og ein stadig hardare datingmarknad. Fleire menn er barnlause, fleire menn er deprimerte og fleire menn har vanskar med å finne seg matchar på Tinder.

Dette er viktige samfunnsutfordringar som ein absolutt må ta tak i og prøve å finne ei løysing på. Når det kjem til incels, saknar eg likevel at ein set fokus på at dei opererer etter noko som kan likne ein felles ideologi og eit eiga verdsbilete, deler ein eigen sjargong, er politisk organisert og har eigne politiske heltar. Dei har til og med eit eige flagg. Incels burde difor ikkje berre forståast som ei laust samansett gruppe av kulturelle utskot, men som ei heilheitleg gruppe med politiske motivasjonar som frontar vald mot kvinner.

Pillemetaforar, hierarki og evolusjonsteori
For å forstå korleis incels byggjer verdsbiletet sitt må ein først dykke inn i det ein kallar The Manosphere. I følgje Debbie Ging, professor i kommunikasjon og redaktør for tidsskriftet Men and Masculinities, kan ein definere The Manosphere som ei samling diskusjonsforum, YouTube kanalar og bloggar kor menn (og stundom kvinner) aktivt samlar seg for å dele misnøya si vedrørande feminisme, politisk korrektheit og det såkalla gynokratiet vesten gjennomgår i dag. I tillegg til incels er «mannosfæren» sett saman av grupperingane Mens Rights Activists (MRAs), Pick-up Artists (PUA) og Men Going Their Own Way (MGTOW), og har også sterke band til alt-rightrørsla. Desse andre gruppene vert av og til omtala som Redpill-fellesskapet, fordi dei deler ein felles måte å sjå verda på. Metaforen er henta frå filmen The Matrix.

For «mannosfæren» betyr det å «svelge den raude pilla» at ein får innsyn i ei livsendrande sanning om korleis verda eigentleg heng saman. Fordi Redpill representerer ein slags maskulinistisk motkultur som motset seg den dominerande sosiale norma (etablert av «normie fakestream media» på incelmunne), betyr det altså å oppdage at den kvite, heterofile mannen er taparen i dagens politiske korrekte samfunn: han er offer for myter om kvinneundertrykking, valdtektskultur og systemisk rasisme. (Ein skal ikkje lese mange kommentarfelt før ein skjønar at denne meininga også deles av ein del gjengse nordmenn og kvinner, sjølv om dei aldri har høyrt om the Redpill.)

Retorikken til mennene i «The Manosphere» botnar i vranglesing av evolusjonspsykologi. Dei brukar genetisk determinisme som forklaringsmodell for mannleg og kvinneleg åtferd, og for seksuell seleksjon. Løysinga deira er derfor å slutte opp om ein felles hypermaskulin identitet, i eit forsøk på å ta tilbake patriarkalske verdiar og tradisjonelle kjønnsrollar, slik naturen legg til rette for. Så enkelt er det ikkje for incels, kanskje mest fordi dei ikkje kjenner seg att i den hegemoniske maskuliniteten. Dei har nemleg utvikla sin eigen pillemetafor, «the Blackpill», og ser på verda som litt meir ute av kontroll. Der «Redpill»-ideologien legg til rette for endring av sosial struktur, tek «Blackpill»-ideologien ei meir fatalistisk retning.


Urettferdig distribusjon av sex
I følgje incels er nemlig verda delt opp i eit sosioseksuelt hierarki. Kva for ein plass du har på hierarkiet vert avgjort av kva «Sexual Market Value» (SMV) du har, og denne etablerer også livskvaliteten din. Indikatorar på høg SMV er til dømes bra utsjånad, høg muskelmasse, symmetriske ansiktstrekk og kor god du er til å få deg eit ligg (Anahita 2020). Ein kan førestille seg hierarkiet som ein pyramidisk tredelt struktur, delt inn i kategoriane «top tier», «mid tier» og «low tier». På toppen regjerer eit mindretal med fysisk tiltalande alfahannar, ofte kalla «Chads», etterfylgt av ein større kategori av betamenn eller «normies» med nokså gjennomsnittleg utsjånad. På botn finn ein eit fleirtal av mindre tiltalande omegahannar, ofte kalla virgins eller incels, dømde til ufrivillig sølibat og avviste av kvinner. 

Incels er overtyda om at kvinner føretrekker menn som tilhøyrer «the top tier»: menn som liknar stereotypen «Chad Thundercock». Incelverda sin eigen encyklopedi definerer han som «a man who can elicit near-universal positive female sexual attention at will. He is usually good looking, muscular, tall, and wealthy or has otherwise high status.» (Incels Wiki, «Chad»). Kvinner vel nemleg sexpartnarar som har eit betre biologisk utgangspunkt enn dei sjølve (høg SMV), slik at dei potensielt kan sikre seg levedyktige avkom. Dermed er det hovudsakleg kvinner som er skuldige i at kategorien incel eksisterer. Svært likestilte land, til dømes Noreg og Sverige, vert sett på som område med ekstra høg incelrate fordi kvinner er sjølvstendige og kan velje partnar fritt. Jo meir likestilt eit land er, dess fleire menn er det som fell frå og vert incels.

Dersom kvinner ikkje ein gong fortener status som fullverdige menneske, er det kanskje ikkje så rart at enkelte incels tyr til vald. Når ein i tillegg får martyrstatus på kjøpet, verkar det kanskje også som det er verdt det.

«Stacy» er den kvinnelege ekvivalenten til Chad, og vert sett på som «a woman able to secure sexual intimacy with Chad». Ho vert ofte omtalt som ei rik og overflatisk pappajente som får alt servert på sølvfat. Både Chad og Stacy er sterkt mislikt av incels, fordi dei representerer vinnarane i samfunnet. Stereotypen «Becky» er knytt til «normie»-kategorien, og er ikkje like sexy og vellukka som Stacy, men får seg likevel eit ligg fordi ho er kvinne.

Ein del incels trur altså at 20 prosent av alle menn får 80 prosent av all sexen, og at ingen som rangerast under åtte på ein skala frå ein til ti har moglegheit til å få seg verken ei Stacy eller ei Becky. Dei legg mykje vekt på utsjånad, og meiner sjølv at dei har ulike diagnosar som fastlåser dei til «inceldom». Enkelte kallar seg til dømes «wristcels» grunna smale handledd, «fatcels» fordi dei er store, «chincels» fordi dei har svake hakeparti eller «tallcels» fordi dei er unormalt høge. Incels skapar med andre ord ei verdsforståing dei meiner er fundert i naturvitskaplege forklaringsmodellar som evolusjonsteori, kor kategoriane er fastsette og uforanderlege fordi dei er ankra i sjølve vitskapen. Så kva gjer dei når «there’s no espacing the Blackpill»?

Cope or rope
Sjølv om incels har eit fatalistisk verdsbilete har dei likevel funne fram til eit par moglege utvegar: når «the Blackpill» gjev dei «no hope» og slagordet «it’s over» tek overhand, har dei alltids vala mellom «cope» eller «rope». Når incels snakkar om «cope» refererer dei til måtar dei kan halde ut inceleksistensen på. Enkelte vel å dedikere tida si til «maxxing», ein metode kor ein prøver å maksimisere og optimalisere enkelte faktorar, som til dømes endre kroppsfasong via trening (gymmaxxing), forbetre klesstilen sin (fashionmaxxing) eller jobbe seg opp i systemet for å få høgare lønn (wagemaxxing). Dette kan etterkvart føre til ein «ascension», altså ei klassereise i det sosioseksuelle hierarkiet, og med det følgjer også tilgangen på kvinner. Ofte vert såkalla «copes» sett litt ned på fordi dei kanskje ikkje heilt fullstendig har anerkjent «the Blackpill», nemlig at kvinner er manipulerande og at dei uansett vil ha Chad, samt det faktum at det ikkje finst nokon måte å slutte å vere incel.

Ei anna moglegheit er difor «rope» – å avslutte livet sitt. Dette er ei dyster side av incelverda, og kanskje der foruma framstår mest som ei psykologisk støttegruppe. I tilfeller der brukarar luftar ideen om å begå sjølvmord svarar fellesskapet i stor grad med å støtte brukaren, oppmode han til å «cope», halde ut og ikkje gi opp. Kanskje vert det betre, kanskje kan han forbetre enkelte delar av seg sjølv. Om han framleis er i puberteten kan utsjånaden hans framleis endre seg til det betre. Dette er i seg sjølv litt ironisk, då sjølve «Blackpill»-teorien slår fast at det ikkje finst håp. Andre fører difor ein hardare diskurs og oppmodar brukaren til å avslutte livet sitt; for kva er vitsen med å leve om det inneber eit liv blotta for nære relasjonar og intimitet med kvinner?


Umenneskeleggjering av kvinner, heltedyrking og incelrevolusjon
Ein treng ikkje bruke mykje tid i eit incelforum før ein legg merke til at kvinner ikkje vert omtala særleg venleg av incels. Når dei ikkje snakkar om «Stacies» eller «Beckies» nyttar incels seg av klassiske uttrykk som «slut» og «whore», i staden for det meir nøytrale «woman». Dei bruker også dei meir kreative uttrykka «cumdumpsters», «hole», «public toilet» (ein skitten stad brukt av mange), «roastie» (incels trur nemleg at jo meir ei kvinne har sex, desto større og meir lik ein roast beef vert vaginaen hennar), «femoid» eller forkortinga «foid». Dei to siste skil seg ut som dei mest utbreidde og er teleskopord samansett av orda «female» og «humanoid». Ved å bruke «femoid» når dei snakkar om kvinner, reduserer dei kvinner til noko som ser menneskeleg ut, men som ikkje er det. Denne umenneskeleggjeringa kjem også tydeleg fram i diskusjonstrådar som «women are not human, they are something else (sub-animal?)» og «I genuinely think women aren´t human». Her kan ein mellom anna lese gullkorn som: «They seem like half men (which the romans believed too), failed men, basically half human», «Its meaningless to give human rights to organisms that aren´t even fully human», «Femoids are a lesser species and should be treated as such » og «Women need to be Modified to be subservient to men. We need to create a slave species out of foids». Dersom kvinner ikkje ein gong fortener status som fullverdige menneske, er det kanskje ikkje så rart at enkelte incels tyr til vald. Når ein i tillegg får martyrstatus på kjøpet, verkar det kanskje også som det er verdt det. 

Eit av motargumenta til å ta livet sitt er at ein let kvinner og den mainstreame «bluepilled»- verda sigre. Om ein først skal avslutte sitt eige liv, kan ein like gjerne avslutte andre sine liv i same slengen. Det fins altså ein tredje utveg, som incels kallar «Go ER». «ER» er initialane til Elliot Rodger og uttrykket refererer til å gjere slik Rodger gjorde ein vårdag i 2014, nemleg å hemne seg på kvinner ved å drepe både seg sjølv og andre. Det var også dette Alek Minassian freista gjere då han køyrte på folk med varebil i Toronto fire år seinare, like etter å ha publisert facebookstatusen «The incel rebellion has already begun! We will overthrow all Chads and Stacys! All hail the Supreme Gentleman Elliot Rodger!». Både Minassian og Rodger har nærmast fått heltestatus innad i incelmiljøet dei siste åra. Det har også Marc Lépine, som stod bak den antifeministiske massakren på École Polytechnique i Montreal i 1989, kor han brutalt skaut fjorten kvinnelige ingeniørstudentar fordi han meinte kvinner ikkje burde studere eit tradisjonelt maskulint yrke. I samanheng med Polytechnique-massakren trekk professor i sosiologi og ekspert på antifeminisme Mélissa Blais fram tre definisjonsledd som kan vere med på å avgjere om eit menneske vert gjort til helt: verdsetjing av handling, ære og grunngjeving.

Dersom me vil ha ein konstruktiv samtale om incels må me altså leggje frå oss «einsam ulv»-retorikken ein gong for alle. At incels finst er ikkje eit spørsmål om den mentale helsa til enkeltindividet, men heller eit symptom på eit mykje større samfunnsproblem knytt til korleis me definerer kjønnsrollar.

Desse elementa trer tydeleg fram i fleire nettforum, kor begge drapsmennene vert nemnde med jamne mellomrom. Enkelte brukar bilete av drapsmennene som profilbilete, refererer til dei som «Supreme Gentlemen» eller siterer manifestet til Rodger i bioen sin. Det er tydeleg at handlingane til både Rodger og Minassian har sett preg på incelrørsla. Då sistnemnde køyrde ned fotgjengarar i Yonge Street i Toronto kunne ein observere trådar med tittelen «Do we have a new incel hero?». Elles finn ein utsegn som dette: «[…] there will never be that many shootings you wish to see, at least not ER-style.», «I really hope the next ER happens soon. There are some people in serious need of a killing».

Kvart år markerer medlemmar av incels.co «Saint Elliot’s Day» på same dato som Rodger utførte Isla Vista-massakren. Det kryr av trådar som referer til Rodger som «Saint Elliot», «The Supreme Gentleman» eller «hERo». Somme deler bilete av at dei tenner lys til ære for drapsmannen, medan andre brukar dagen på å sjå videoen han la ut på YouTube («Elliot’s Day Of Retribution») like før han utførte massedrapet eller andre dokumentarar laga av menn som tilhøyrer incelrørsla.

Sjølv om det heilt konkret er vanskeleg å vise til direkte korrelasjon mellom utsegn på nettet og vald i røynda, er det heilt klart ein samanheng mellom den ekstreme diskursen ein observerer i incelforuma og massakrane utførte av Rodger, Minassian samt andre hendingar knytt til subkulturen (mellom anna skuleskytingane ved Aztec High School i New Mexico og Umpqua Community College i Oregon).

Inceldrapsmenn vert sett på som heltar andre incels ser opp til. Dei vert hylla som martyrar fordi dei torde å gjere noko med livssituasjonen sin, i staden for å surmule på diverse nettforum.

Det er difor verken radikalt å påstå at kvinnehatet som incels fremjar, sprer seg, eller at Minassian let seg inspirere av Rodger, og at Minassian igjen har inspirert andre. Ikkje ulikt slik terroristen bak angrepet på moskeen i Christchurch i New Zealand let seg inspirere av Anders Behring Breivik og Alexandre Bissonnette, eller slik Philip Manshaus truleg let seg inspirere av dei igjen. Breivik brukte til dømes ein liknande retorikk som den incels bruker i det han sjølv meiner var ein kamp mot kulturell marxisme, feminisme og «islamisering» av det vestlege samfunnet. Han omtalte seg sjølv som helt, martyr og «knight» og dedikerte ein monaleg del av manifestet sitt til antifeministiske idear.

Ikkje berre «eit par frustrerte menn» med psykiske utfordringar
Fordi incels kun står bak eit fåtal reelle angrep er det lett å avfeie gruppa som eit par sinte menn på nettet. Minassian, Rodger og dei andre inceldrapsmennene er i mindretal, og representerer heldigvis ikkje heile rørsla. Når dei vert hylla som heltar i diverse forum og opphøgja som inspirasjonskjelder, er det likevel viktig å ta valden og hatet dei fremjar på alvor. Dersom me vil ha ein konstruktiv samtale om incels må me altså leggje frå oss «einsam ulv»-retorikken ein gong for alle. At incels finst er ikkje eit spørsmål om den mentale helsa til enkeltindividet, men heller eit symptom på eit mykje større samfunnsproblem knytt til korleis me definerer kjønnsrollar.

Incels og andre misogyne grupper på nett
  • Incel er ei forkorting av uttrykket «involuntary celibate» (ufrivillig singel), og viser til ein online subkultur av menn som meiner dei er ufrivillig single. Uttrykket vart tatt i bruk for første gong på nett i 1997 i ei online støttegruppe for single – uavhengig av kjønn – kalla Alana’s Involuntary Celibacy Project (AICP), kor medlemmene tok opp vanskar relaterte til dating, sexliv og einsemd.
  • To tiår seinare har gruppa spreidd seg og blitt eit større nettverk som hovudsakleg held til på sidene incels.co (tidlegare incels.me og incels.is), incels.net, looksmax.net, lookism.me, incels.wiki.
  • Rundt førti menneske har mista livet som følge av incelrelatert vald, dei fleste i Nord- Amerika.
  • Noreg er eit av landa med flest brukarar på incelforumet lookism.me (fire til fem
    prosent) i følgje ein forkningsrapport frå Totalförsvarets forskningsinstitut i Sverige.
  • I februar 2020 vart ein kanadisk 17-åring sikta for terror etter å ha drept ei kvinne med machete i Toronto. Dette er første gongen eit incelåtak har vorte stempla som terrorisme av myndigheitene.
  • Incels vert rekna som ein del av The Manosphere, eit laust nettverk av
    kvinnefiendtlege diskusjonsforum, Youtubekanalar og bloggar med tett tilknyting til alt-rightrørsla. Her finn ein også grupper som Men’s Rights Activists (MRAs), Pick- Up Artists (PUA) og Men Going Their Own Way (MGTOW).
  • MRAs fremjar menns rettar, og er mellom anna veldig opptatte av falske valdektsanklager. Dei held til på nettsida A Voice for Men, (AVfM), grunnlagd av Paul Elam i 2009. Elam har ved fleire høve uttalt seg positivt om valdtekt og anna vald mot kvinner. AVfM organiserer kampanjen «Bash a Violent Bitch Month» i oktober kvart år.
  • Pick Up Artist-miljøet består av hovudsakleg heterofile menn som prøver å oppnå seksuell suksess med kvinner ved hjelp av ulike manipulerande sjekketeknikkar (ofte kalla «seduction science» eller «game»). Dei held til både online og «offline», og organiserer seminar og møter i den verkelege verda. PUA-bloggen Return Of Kings har fleire gongar argumentert for legalisering av valdtekt på privat eigedom. Nettstaden fremjar neomaskulinitet, ein teori som kombinerer tradisjonell maskulinitet med dyrs biologi og legg vekt på menns seksuelle drifter og behov.
  • MGTOW er eit eiga nettsamfunn av heterofile menn som har valt å avstå frå romantiske relasjonar fordi dei meiner kvinner er manipulerande og hypergamiske, altså at dei søkjer partnarar som har betre status enn dei sjølve. Nettstaden deira, mgtow.com, fører ein nokså sofistikert stil med hyppige referansar til suksessfulle vitskapsmenn.

Kjelder: 

Blais, Mélissa. (2015). « Marc Lépine : héros ou martyr ? Le masculinisme et la tuerie de l’École polytechnique ». Le mouvement masculiniste au Québec. L’antiféminisme démasqué. Collection Observatoire de l’antiféminisme. Les éditions du Remue-ménage. Deuxième édition. p.109-128.

DiBranco, Alex. (2020). « Male Supremacist Terrorism as a Rising Threat ». ICCT. 10 februar 2020.

Ging, Debbie. (2017). « Alphas, Betas, and Incels: Theorizing the Masculinities of the Manosphere ». Men and Masculinities, p. 1-20.

Nagle, Angela. (2017). Kill All Normies. Online Culture Wars from 4chan and Tumblr to Trump and the Alt-Right. Zero Books. 140p.