Kultur

Panegyrikk for Are Kalvø 

tekst: Harald Nordbø 

Are Kalvø, Noregs «57. morsomste mann» (som han kallar seg sjølv på sosiale media), leverer saftige samfunnskommentarar og elleville hits når han toppar VG-lista. Så bra var det at eg gjekk hen og leste eit par bøker av ham også, og køyrde eit lite Kalvø-maraton på YouTube og i NRK sitt arkiv. Så gøy var det at eg fortsette maratonen utover veka, og no kan eg ikkje stoppe. Eg, ein tilfeldig kritikar i eit hav av folk med meir erfaring, utroper med dette til Are Kalvø Noregs morosamaste mann. You made it, Are! 

Kalvø blei fødd «amidst smoke and salt» i Stranda på Sunnmøre, best kjend som Strandaskinka og Grandiosaen sin heim. (Ja, det var ein Game of Thrones-referanse. Nei, vi er ikkje kvitt Game of Thrones-referansar enno sjølv etter at alle bestemte seg for å hate serien.) Her opplevde han nok ein heil del, men det veit eg ikkje noko særleg om, så lat oss hoppe til 1994. Då debuterte han som forfattar med Absolutt Oslo, kor han skildrar nettopp skilnaden mellom å bu ein plass der ein har éin enkelt person som kan kallast alternativ, og å bu i det gudsforlatte alternativet til bygda, hovudstaden, med sine blitzarar, nynazistar, miljøhippiar, innflyttarar frå heile landet og ikkje minst det skumle, skumle utlandet. På 90-talet var han aktiv som komikar, skodespelar, skribent og tekstforfattar på alle slags scener (inkludert radioen og avisspalter i Dagsavisen). 

Det visste du kanskje frå før. Alle som har øyre og auge og har levd i Noreg dei siste 30 åra har lagt merke til Are Kalvø, og veit kor morosam han er og kor aktiv han har vore i norsk humor. Og det som er spennande med Kalvø er nettopp dette: Det er ikkje mange komikarar som held koken i 30 år. På eit eller anna tidspunkt kommer ein eller annan skandale og knekker ein, plutseleg har nokon prøvd å vere morosame med rasistiske eller kvinnefiendtlege vitsar, og karrieren druknar i dårleg medieomtale (og ofte: ein komikar som ikkje gir seg på at det dei sa var helt greitt og innafor).  

Kalvøs meisterstykke er å halde seg relevant gjennom alle dei aktive åra. Eg er ikkje gamal nok til å ha fått med meg alt, men alle dei meir geriatriske eg har snakka med fortel gjerne at dei faktisk aldri har syntest Kalvø har levert noko som er svakt. Ein del tar han for gitt, i og med at han er ein av dei klart mest etablerte komikarane i Noreg – så dei går heller til britisk humor eller ferske komikarar for variasjonen sin del.

Med sitt seinaste show, Toppar VG-lista, demonstrerer han at han fortsatt er i storform. Her får publikum i alle aldrar både gledelege gjenhøyr med slagerar dei er glad i og landeplagarar dei kunne ønskje aldri var blitt skapt (om du hadde gløymt ein viss tysk syngjande krokodille, kan du ta dette som ei påminning, og du tapte spelet, forresten). Kalvø har verkeleg skjønt at nostalgi er det nye hotte. Ved å gå gjennom hits frå kvart år, frå sin eigen fødsel til i dag, og kommentere ikkje berre musikken, men også tidsånda frå tida dei kjem frå, får publikum gjenleve sine beste minne og verste mareritt frå gamle dagar. Eg vil ikkje røpe meir om showet enn det.

For å vere litt nostalgisk sjølv: Som barn bladde eg i bøkene til Kalvø, særleg Syden (det var meir gøy enn matteleksene), men eg trur ikkje eg nokon gong leste ei heil bok. Feilen er no korrigert – og eg tilrår forfattarskapen sterkt. Det er ikkje vits i å tilrå ei bestemt bok, berre gå og tøm bokhandelen for Kalvø. Ikkje berre fordi bøkene er skrive i eit morosamt språk, men òg fordi dei kanskje er den mest tilgjengelege prosaen på nynorsk du kan finne, og som til og med barn kan setje pris på. Norsklærarar i heile Noregs land – notér, og rop høgt hurra for Are!

 

Anmeldt verk:

Toppar VG-Lista. Riksteatret/Teater Vestland i samarbeid med Are Kalvø. Urpremiere 20. august 2021. Spilles i Oslo på Det Norske Teatret.

Bibliografi

  • Meininga med livet. Eller: Yes Sir, I can boogie (Humor, Kagge, 2021)
  • Hyttebok frå helvete (Sakprosa, Kagge Forlag, 2018)
  • Are Kalvø på scenen: teater-, revy- og standup-tekstar: historier om og frå det middels ville livet på scenen (Biografiar og memoarar, Samlaget, 2016)
  • Ny grunnlov (Humor, Samlaget, 2013)
  • Greatest hits, vol.3 (Humor, Samlaget, 2009)
  • Våre venner kinesarane (Humor, Samlaget, 2007)
  • Greatest hits, vol.2 (Humor, Samlaget, 2004)
  • Nød (Roman, Samlaget, 2004)
  • Greatest hits, vol.1 (Humor, Samlaget, 2003)
  • Bibelen 2 (Humor, Samlaget, 2002, med Steffen Kverneland)
  • Syden (Humor, Gyldendal, 2002)
  • Harry (Humor, Samlaget, 1999)
  • Men fjernkontrollen min får du aldri (Humor, Samlaget, 1997)
  • Kunsten å vere neger (Humor, Samlaget, 1996)
  • Store nordmenn (Humor, Samlaget, 1995)
  • Absolutt Oslo (Humor, Samlaget, 1994)

Forfatter:

Harald Nordbø : (f.1996), master i litteraturvitenskap, UiO.