2023 - Håp - Tema

Pandoras øskje

Tekstt: Mathias Teigen Refsnes

God dag pappa, det er meg igjen, gamal dame, no med blomar i hendene. Uff, dette været. Friskt i dag ja, slik som i går. Men sjå her pappa, her kjem eg med påskeliljer til deg. Dei vil trivast her med deg, berre sola kjem opp. Snart blir det vår. Eingong. Ja det var i starten av mars. Men så kom regnet og snøen, ja. Ja. No er det på høg tid, syns no eg. 

Det har kome nye innflyttarar ser eg. Det er jo reine flyktningkrisa her, ser jo ikkje ut. Skulle tru det var moldvarpar som kom hit. Vakre blomar dei har fått då. 

Oj, der ser eg ein gut med mora si. Ser dei på meg? Dei må vel tru at det går ei betutta dame i gravlunden. ‘Sjå mamma, ho der snakkar med grava.’ ‘Hysj, det er ikkje fint å peike, vi må la ho være i fred.’ Dei har jo rett. For kva gjer eg, jo eg snakkar til deg, som ligg i ei kiste to meter under bakken. Du er jo berre eit lik no, pappa. Ein død, rotnande kropp, kjøt innhylla i sener som marken boltrar seg i – eller. Eller. Det har vel rotna også. Så du er vel berre eit skjelett no. 

Du ligg vel der nede og glisar opp til meg, slik skjelett glisar til oss – eller. Det gjer du vel ikkje heller. For du har vel smuldra opp, blitt til støv. På radioen sa dei det. 20 år går, så er du jord. Og eg står her og snakkar til øskja med jord som ein gong var far min. Og kva er poenget med det då? 

Eg har ny bil no, tok den opp hit i dag. Det var ein fin tur. Unntatt ein ting. Det var ein lastebil eg ikkje såg før eg var oppe i svingen, du veit den krappe og tronge når ein kjem rundt fjellveggen. Han såg ikkje meg heller. Tenk det. Om han ikkje fekk bremsa. Korleis hadde det vore? Vondt sikkert. Men etterpå? Og vi var heldige, for det var is på vegen. Snart april og is på vegen, det er for gale. 

Og krigen held fram. Kan du tenkje deg, krig i Europa! Eg veit ikkje korleis det skal gå. I sånne stunder tykkjer eg det er greitt at du kan ligge her og sleppe dette. Galen tid, kan du tenkje deg? Nei, det kan du vel ikkje. Du kan vel ikkje tenkje. Korleis er no det? Å ikkje tenkje. Å berre være i ein slik steinsens stillheit. Berre ro. Og ingen tankar som gneg og plagar. Det må være tankane det byrjar med. Før det kan gjerast så galne ting må det være galne tankar innunder. 

Det var eit halvt sekund, med lastebilen, då eg trudde eg aldri skulle få sjå noko igjen. Det var ingen tankar i meg. Det var heilt tomt. Eg var ikkje redd eingong. Ikkje då. Så korleis er det eigentleg med deg, her kor tankane aldri får råde? Nei, tenk at eg spør slik. No spør eg dumt. 

Men elles? Elles er eg berre her. Eg har jobba og slitt, som du og mamma sleit. Eg pensjonerer meg snart, berre åtte år til. Så blir det fred og ro. Dei karane ved sida av deg, held dei ro? Eg berre spør, fordi eg ser den naboen din har tumla over som ein fyllik. Han har ein lapp på seg. ‘Om ingen tek kontakt vil grava bli fjerna eller destruert,’ står det sikkert. Eg fekk eit brev om det i posten. Slapp no av far, eg skal betale. Du er freda, kjære pappa. Men eg veit ikkje kven som betaler neste gong. ‘Nei det må du ikkje tenkje på’ seier du vel. Nei vel. Då tenkjer eg ikkje på det. 

Eg ryddar berre litt plass eg, til blomane. Sjå. Fine, gule påskeliljer. Eg fekk dei på butikken hos ho Aud. Ho hugsa at du alltid ga ein god pris på torsken din til hennar far, så ho ga meg ein god pris for desse. Det løna seg, det du gjorde. Eg legg dei godt i pappa, så vinden ikkje tek – men kva er det her? Plast. Det ligg grøne bitar av plast på grava di. Eg trur eg kjenner dei igjen. Det er plastbitar frå sånne grøne potter, eg har kjøpt sånne. Folk må ha lagt frå seg blomar i pottane sine og så kasta vinden dei mot steinane. Sjå, det er fleire bitar over heile tunet. Ein plastpose også. 

Nei, veit du kva pappa, no må eg gjere noko. Eg tek den posen, og så samlar eg dei opp. Ja, det gjer eg. Uff, så skarpe kantar dei skulle ha. Hjelpe meg, dei er overalt. Eg tek meg ein runde rundt til naboane dine også, det er jo berre rett, det syns du vel. Tenk pappa, du hadde jo dei kavlane, dei kulene av glas i garnet som du måtte vaske heile tida. Det var stas når dei nye kom, i kvit plastikk. Då kasta du berre ut garnet og fiska. Kast og fisk, kast og fisk sa du, det var så lett då. Plasten har kome for å bli, sa du. Det fekk du rett i. Plasten blir. 

No har eg samla det eg kan i posen, eg skal ta den med og hive i plastbosset, så ikkje heile verda skal være eit plastboss. No har eg redda verden. Det var vel bra gjort av meg? Kva seier du? Du bryr deg ikkje. No gjer eg det igjen. Eg pratar med øskja med jord. Der ligg du og svarar ikkje. Det er berre meg her. Slik må det være. For du ligg vel ikkje der og ler i stillheit av dotter di, som står fortvilande oppi været, oppi krigen, oppi plasten. Du gjer ikkje slikt. Om dei døde ser oss og held stilt fordi dei ikkje vil vite av dei levande, kvifor kjem vi med gåver og forteljingar, om dei ikkje bryr seg? 

Det er aldri så gale at ei dotter ikkje kan finne sin far sitt fang. For du er med meg, er du ikkje, far? Sjølv om du ikkje er der. Han presten sa det då vi la deg ned. Det er berre eit skall som ligg i kista, berre på den aller siste dagen vil det bli liv her. Eg trudde ikkje på han. Men eg treng deg. Eg treng at du ser at du har ei snill dotter som kjem til grava di med påskeliljer. For eg kan ikkje la vere å kome til grava og ikkje håpe på det; å håpe at noko i øskja røyrar seg  med opne hender i stille sang. At nåden kjem når vi kjem med den. 

Eg veit kva du lurar på far. Kjem eg så ofte fordi eg vil krype ned til deg? Var eg kanskje klar for den lastebilen? Er eg så redd for det som kjem at eg berre vil hoppe rett inn i det, ikkje fleire tankar? Nja. Eg er redd for framtida. For du er framtida. Den velta gravsteinen er framtida. Og desse gøymde bitane med plast er framtida. Men desse liljene høyrer framtida også til. Dei har ikkje opna seg enno. Men når det blir april, då trur eg dei vil ha fått varmen og opna seg. 

Eg trur eg skal helde fram med å sanke plast. No talar eg berre til meg sjølv. Men eg skal gjere det. Eg kjem tilbake i påska, sikkert i helga. Du pappa, eg får eit sånt artig bilete i hovudet mitt no. Dei sa på radioen at psykologien kallar det «forestillingsbilde». Heilt vanleg. Alle har det. Eg ser for meg denne gravplassen, skyfri himmel og sola så høgt oppe at det er eit blendande goldt skjær overalt. Og heilt borte står ein figur og ventar. Ein høg mann, litt tynn. Eg veit jo at det ikkje skal skje. Men eg trur eg vil tenkje på det når eg sit i bilen og det er is på vegen. Så dumt. Så rart. Så artig. Eg lurar på kva eg skal lage meg til kvelds. Hm? Eg høyrde noko. Kva sa du no pappa? Nei, er det sant? Så kjekt då! Du får helse. Men no må eg gå. Ha det.