Tekst av Ulvar Akselsen
Illustrasjon av Daniel-Jin Heggelund
Heilt sidan eg var liten har døden heimsøkt meg. Eg klarte ikkje å sovne før eg hadde sjekka om mor og far var i live, sjølv om det berre var nokre få minuttar sidan eg sa god natt.
Eg vakna om natta med tårevåte kinn. Brystet mitt var ridd av marer. Eg måtte på ny sjekke om mor og far var død. Kaldt treverk mot barneføtter. Haustregn mot vindauga. Eg var der nesten. Nesten framme på soverommet til mor og far. Eg opna døra sakte. Eg gjekk mot senga, klatra over mor. Ho vakna, flytta seg slik at det vart plass til meg i midten. Midt mellom mor og far. Den tryggaste og varmaste plassen eit barn kan ligge. Kanskje var det slik døden var? Kanskje døden er ei konstant kjensle av den varmen og tryggleiken ekte kjærleik gir.
Eg vart for stor til å sove inne hos mamma og pappa. Eg måtte ligge aleine. Vakse opp. Eg hata det. Ligge innsvøpt i mørket. Tystnaden som et på forstanden bit for bit. Var det slik døden var? Eit evig mørkt fengsel der den einaste medfangen var mine eigne tankar. Ein kropp som vert jaga av angst, redsle og lyden av pulsen som dunkar i øyra. Kaldt. Einsamt. Fri for kjærleik.
Ein skulle tru at med so mykje grubling og tenking på døden skulle førebu meg til den dagen marerittet vart sanning. Då dødens evige klør greip tak i min far. Slik vart det ikkje.
Det var no eg innsåg at eg hadde tenkt feil. Det er ikkje døden som er skummel, det er det å måtte leve vidare. Aleine. Det å måtte leve vidare utan mogleiken til å få ein siste klem. Ein er innstilt på at det er høgtidene som er verst. Slik vart det ikkje.
Det er kvardagen. Alle dei tinga ein opplever som ein gjerne skulle delt med dei ein elskar, men som ein ikkje lenger kan dele. Kanskje det er det som er døden. Dette tomrommet. Kroppen som boblar over av tankar og kjensler som ein ikkje veit kor ein skal gjere av no når eg ikkje lenger kan dele dei med den eg saknar. Slik vart det.




