2023 - Artikler - Hjem

Nokre ord om orda våre

Velkomen heim!
Tekst av Are Tjihkkom

Heim er eit uttrykk for tilhøyr. Som sted tyder det gjerne ein buplass ein rår over, men det kan òg vise til opphav. Heimen her mennesket som regel ei kjenslemessig tilknyting til, og den verkar gjerne som eit grunnlag for livet. Utan heim står ein på ustødig grunn. Ei interessant kopling frå heimen som livsgrunnlag let seg trekkje til heimel, eller hjemmel som det ofte heiter på bokmål. Heimel er noko som gjer rettsleg grunnlag til handling. Satt ved sida av kvarandre syner heim og heimel, eller hjem og hjemmel, tydeleg at dei ættar frå norrønt heimr. Same ordet finn me òg i slektsmåla til norsk, som i engelsk home og tysk Heim. Kjende uttrykk om heimen er mellom anna «borte bra, men heime best» og «kvar er herre i sitt hus», kor hus tyder heim.

Ordet for hus tyder heim i mange mål. Til dømes i spansk casa og slaviske språk med ulike former av dom, men òg i mål som ikkje er i slekt med norsk, som hebraisk בַּיִת‎ (bajit), baskisk etxe og finsk koti (finsk hev dessutan hima som slanguttrykk, lånt frå svensk). Finsk koti tyder i dag berre heim, men stammer altså frå tydinga hus. På same måte hev sydsamisk utvida tydinga av gåetie, hus, med heim. Andre samiske mål har utvikla tydinga på litt andre vis: Nordsamisk nytter ruoktu¸ som stammar frå ordet for attover eller attende, som nok syner til at heimen er noko ein vender attende til. Lulesamisk hev sijdda i tillegg til lånordet häjmma, som er ei innsnevring av tydinga for bygd. Enaresamisk følger same opplegg med å snevre inn, og har fått ordet päikki for plass til å meine heim òg. På fransk er eit av orda for heim foyer, frå ordet for eldstad. Dette reflekterer kanskje rolla til heimen som ei kjerne eller eit grunnlag. Norsk har lånt inn dette i foajé.

Are Tjihkkom studerer lingvistikk hos Universitetet i Oslo.