2022 - Artikler - Kultur - Makt

Fri for ytring

Tekst: Jógvan Helge Gardar

Sjølv om munnhellet om at språk er makt har festa seg godt i norske sinn, har me lett for å oversjå nett kor mykje språket kan ha å seie for samfunn og enkeltmenneske. Seinast vart det tydeleg då Ytringsfridomskommisjonen la fram utgreiinga si i august, utan at språket var vigd eit eige kapittel eller handsama særskilt i det heile. Det føyer seg inn i ein trend der me heller diskuterer symptom enn årsaker. Me er opptekne av at nokre grupper er svakt representerte i media, sjølv om det ikkje er noko formelt i vegen for at dei skal få stemma si høyrt. Me unnlèt å sjå at det ikkje er nok å opne ei dør. Av og til må ein òg dytte folk gjennom.

Når me snakkar om ytringsfridomen, snakkar me ofte om ein negativ fridom. Det er fridom frå inngrep frå styresmaktene, frå refusering hjå aviser og forlag, frå nettmobbing og -hets, til og med frå meiningsmotstandarar. Det handlar ofte om korleis enkeltmenneska bør kunne seie kva dei vil, utan at nokon stoggar dei i det. Ytringsfridomen kjem då fyrst på spissen når han møter eit konkret hinder. Det er nok ikkje rart at det er slik, for dei negative fridomane er enklast å forklare og forstå, og det er dei som verkar mest freistande å ta tak i for media.

Me unnlèt å sjå at det ikkje er nok å opne ei dør. Av og til må ein òg dytte folk gjennom.

Men ytringsfridomen som positiv fridom er rekneleg endå viktigare, sjølv om han ofte kan vere vanskelegare å få grep om. Kva er vel fridom frå inngrep, om ein ikkje har fridomen til å nytte høvet? Korleis skal ein deltake i eit ordskifte når ein ikkje har orda som trengst? Kva gjer ein når ein ikkje har språket i si makt? Ytringsfridomen, sett på denne måten, heng mykje tettare i hop med maktstrukturane. Kven er det som deltek i meiningsutvekslingar, og kven er det me lyttar til? Då er språket ein av dei viktigaste faktorane.

Ytringsfridom skal det vere

Det er nok det fyrste leddet av Grunnlova § 100 som er mest kjent, men staten har ansvar for mykje meir enn det vage kravet om at det skal vere ytringsfridom i det norske samfunnet. Mesteparten av føresegna dreier seg om den frimodige debatten, der ein har høve til å seie meir eller mindre kva ein vil. Ytringsfridomskommisjonens tittel siterer siste ledd, som kanskje er den mest kompliserte delen. «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte». Kva som er eit offentleg ordskifte kan sjølvsagt diskuterast, men det er ikkje tvil om at alle borgarar skal ha høve til å delta om dei vil. Det er heller ingen annan måte å gjere ordskiftet opplyst. 

Eit tradisjonelt, negativt blikk på denne setninga kan gje oss inntrykk av at det er nok å fjerne hindringane. Finst opninga, så tek folk sjansen. Så enkelt er det naturleg nok ikkje, noko også kommisjonen kommenterte i utgreiinga si. 

Det er relativt få som deltek aktivt i det offentlege ordskiftet. Om lag ti prosent uttrykkjer jamleg meiningane sine om politikk eller samfunnsspørsmål på nett, men langt færre skriv i avisene, skal ein tru kommisjonen. Det same gjeld representasjonen. Sjenerøse teljingar kjem til at om lag 3 % av kjeldene i media har innvandrarbakgrunn, medan talet i folkesetnaden ligg på nær ein femtedel. Analysen til kommisjonen går ikkje lengre enn dei vanlege forklaringane; hets, sjikane, kanselleringskultur osb. Det er openbart at desse aspekta er reelle, men det er ikkje sannsynleg at dei kan måle heile biletet for oss.

Fleirspråkleg, men under eitt språk

Ein kan tolke tilhøva mellom språkmeistring og makt på mange måtar. I det norske samfunnet er det munnleg norsk og skriftleg bokmål som dominerer, og dei fleste kan gjere seg forstått på, eller i alle fall forstå, båe målformer. På overflata er det derfor mogleg å delta i det norske ordskiftet om ein meistrar ei av dei to målformene. I teorien skal alle skuleborn i Noreg kunne tilstrekkeleg til å fungere på dei fleste felt innan dei går ut av tiande klasse.

Ikkje overraskande er biletet meir nyansert, sjølv for dei som har kome seg gjennom skuleåra. Mangel på lærebøker og lærarkompetanse kan vere éin snublestein, men også mangel på eit godt undervisingstilbod og aksept for språkval kan førekome nokre stadar. Dei unge vaksne kan stå med formell skulegang, men kanskje utan den språklege sjølvtilliten ein treng for å bli høyrd og for å bli teke seriøst. Særleg kritisk er det for nynorskelevane som ikkje ser nok av sitt eige mål. 

Morsmål utan ordskifte

Ein konsekvens av at det norske ordskiftet føregår omtrent utelukkande på norsk, er at det er mange som korkje forstår eller kan gjere seg forstått. Desse er stort sett innvandrarar med relativt kort fartstid i Noreg, eller andre personar som ikkje har vore gjennom det norske skulesystemet. Om ein nokon gong kjem seg til eit punkt der ein til dømes er komfortabel med å skrive eit lesarinnlegg, skjer det fyrst etter at ein har passert mange barrierar. Desse gruppene forblir avhengige av anten stor personleg drivkraft eller mykje hjelp frå omgjevnadane. Det same gjeld til dømes mange personar med nedsett funksjonsevne.

I tillegg til at mange ikkje kan delta i det offentlege ordskiftet i det heile, finst også ei stor gruppe i Noreg som ikkje har eit offentleg ordskifte å delta i på eige språk. Det fyrste er eit stort demokratisk problem, medan det siste kan vere eit vel så stort problem på eit personleg plan. Språket er ein del av det kompliserte nettverket som utgjer identiteten. Mangel på utlaup og forum kan gjere det vanskeleg å halde på bandet ein har til fleire kulturar. Det gjeld heldigvis ikkje for nynorsken, men det gjeld så godt som alle andre minoritetsspråklege nordmenn. 

Om ein nokon gong kjem seg til eit punkt der ein til dømes er komfortabel med å skrive eit lesarinnlegg, skjer det fyrst etter at ein har passert mange barrierar.

Udir estimerer at kvart femte barn i barnehagen i dag er minoritetsspråkleg. Det vil seie at både barnet og båe foreldra har eit anna morsmål enn norsk, svensk, dansk, samisk eller engelsk. Dei aller fleste av dei vil vekse opp som kompetente norskspråklege, men mange av dei kjem til å kjenne seg meir eller mindre knytt til kulturen til foreldra. Det viser seg mest i det individuelle, men slike tilhøve kan føre til at dei veks opp utan eigentleg å tilhøyre nokon kultur fullt og heilt. Om det er eit problem, er sjølvsagt også individuelt. Poenget er at det kan vere eit problem, noko samfunnet rundt lyt ta høgde for.

Heile denne gruppa med menneske, gjerne kalla krysskulturelle, er eit klart bevis på at ein reint norskspråkleg offentlegheit aldri kan vere heilt open eller heilt opplyst om det som rører seg i folkesetnaden. I seg sjølv er ikkje dette poenget så nyttig – det vil alltid vere sider ved andre menneske me ikkje kan forstå – men det bør gje oss motivasjon til å halde fram med å kome kvarandre i møte.

Kva me skal gjere

Kva skal staten gjere med dette? På mange felt kan det vere at staten skal halde seg heilt unna, og la utviklinga vere opp til minoritetsgruppene sjølve. Særleg dei største og mest ressurssterke gruppene vil vere i stand til å organisere eigne forum for diskusjon om tema som gjeld gruppa. Som for alle andre grupper i samfunnet er det ikkje alt som er nyttig eller interessant å følgje med på for heilskapen. Det må vere heilt greitt.

Der staten likevel har ei rolle, er i den opplyste samtala Grunnlova krev. Separate plattformar kan fungere greitt for ein del saker, men det vert aldri eit felles ordskifte av det – ein ser rett og slett ikkje kvarandre. Når ein skal diskutere sakene som gjeld oss alle, må samfunnet hjelpe oss å forstå. Det kan skje ved utdanning, språkopplæring, omsetjingsteknologi eller andre måtar. Det viktigaste er nok ikkje korleis me gjer det, men at det skjer i det heile.

Det offentlege ordskiftet kjem aldri til å vere ein fullt ut komfortabel plass å vere, men å ta fokuset vekk frå hindringane kan ta oss eit stykke på vegen. Om me heller ser på korleis grupper og enkeltmenneske kan kome litt nærare kvarandre, kjem me nok mykje lenger.

 

Jógvan Helge Gardar (f. 1997): master student i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen. Har tidligere studert latin og lingvistikk, og jobber i Norsk Målungdom.