2026 - Samfunn - Uteliv

Udempa mylder

Tekst av Emilie Hansen

Mannen med det bustete, blonde håret plukkar opp søppel i parken med ei lang søppelklype. Plukkar opp sneipar, snus, og anna rusk som har ligge under snøen dei siste månadane. Gjer parken klar for alt som skal vekse der, og for alle som skal ligge på graset og lese bok eller sole seg. 

Bussen køyrer vidare.

Eg ser ein mann med mørkt hår og solbriller trille ei barnevogn. Han ser trøtt, men glad ut i den mørkeblå boblejakka på fortauet i eit av Oslo sine mange nabolag.

Han triller forbi to eldre damer som sit utanfor eit bakeri og drikk morgonkaffien sin. Den eine, som har ei brosje i sølv på den grøne kåpa si, gestikulerar med armane medan ho fortel det som ser ut til å vere ei engasjerande historie. Den andre, som har eit knallraudt skjerf om halsen, held handa for munnen.

Bussen fortset forbi ein skule.

Eg ser barn i ulike aldrar springe, huske og henge opp ned i klatrestativ. Foreldre og besteforeldre sit på benkane like ved, i tilfelle noko skulle skje.

Lenger framme kostar ein mann vekk grus utanfor ein frukt- og grøntbutikk. Kanskje hans eigen? butikk. Kommunen har ikkje gjort vårreingjeringa her endå. Men det ser ikkje ut som det gjer han noko. Som om det ligg ei stoltheit i måten han feiar for døra for kundene som skal komekomande kundar.

Bussen fer ned bakken.

Eg ser meir enn eg har sett på lenge på denne bussturen, sjølv om eg tek denne ruta nesten kvar dag. Ikkje fordi eg vanlegvis sit her med augene lukka. Eg brukar å sjå ut av vindauget, men med headset på. Noice cancelling. Støydemping. Demping av omverda. 

Det følast ut som eg slappar betre av utan headsettet, sjølv om eg dei siste ti åra trudde det omvende var tilfellet. Som om hovudet får fred ved å legge merke til det som skjer utanfor vindauget. Sjølv om det er mykje forskjellig og noko heile tida. Og at dette er noko eg ikkje får til i same grad om lydane rundt meg er dempa, eller erstatta, av musikk som går rett inn i øyrene. At augene ikkje får med seg like mykje, når det ikkje er samsvar mellom lyd og bilete. Ein sans som slår ihjel ein anna.

Bussen fortset forbi fleire nabolag. 

Forbi butikkar. Kafear. Skular og barnehagar. Idrettsanlegg. Stoppar ved kvar haldeplass for å sleppe av og på folk. Eg får augekontakt med ein av dei som står og ventar. Ikkje noko headsett på han heller. Vi smilar til kvarandre. Begge til stades i det udempa mylderet som utgjer her og no. Eit mylder eg vil vere fullt og heilt i oftare.